Sidan 2015 har Nikon Comedy Wildlife Awards kåra dei artigaste og mest komiske dyrbilda verda over. Konkurransen består av fleire kategoriar, mellom anna STERNA People’s Choice.
I denne kategorien blir vinnaren kåra ved at alle som ynskjer stemmer på sin favoritt blant finalistane. Det var britiske Alison Tuck som gjekk av med sigeren med bildet Now where is my nest? – Kor er reiret mitt no? på norsk (sjå bildet på toppen).
Her kan du sjå fleire av dei 40 bilda som var med i finalen:
The Shoulders of Giants av Andrew Mortimer
Andrew tok bildet av desse to froskane i Leonora i Australia.

Territorial Defence Operation av Antoine Rezer
Dette blinkskotet av ein fugl som gjer frå seg i retning ein annan fuggel gjorde Antoine då han var på tur på Island.

Battle Hug av Jessica Emmett
Jessica frå Singapore fanga dette augneblikket mellom to Båndvaran-øgler i ein av hennar lokale parkar.

Peek a Boo av Henry Szwinto
Henry tok dette bildet av ein elefant på Sri Lanka som tilsynelatande leikte Borte tittei.

Landing Gears Down av Erkko Badermann
Erkko tok bildet av denne smålomfuglen då han gjekk inn for landing på eit vatn i Finland.

Relaxing in the trees av Diana Rebman
Avbilda her ser vi ein gulkinngibbon i Vietnam som tek livet veldig med ro.

OMG he’s at it again! av David Rice
David fanga dette bildet av ei japantrana i Japan som verkeleg baud på seg sjølv.
Foto: © David Rice / Nikon Comedy Wildlife Awards
Fonzies advertising av Liliana Luca
Denne lemuren på Madagaskar ser ut til å ha kosa seg med noko godt.

Welcome to Zen Lemur Yoga Course! av Andrey Giljov
Eit par andre lemurar på Madagaskar er opptekne med å gjere yoga.

High Five av Mark Meth-Cohn
Mark tok dette bildet då han var på tur i jungelen i Rwanda. Den unge hangorillaen var ivrig på å vise fram dei akrobatiske evna sine.





























