Sjå ti av årets beste bilde frå havet

Under havoverflata skjer det mykje overraskande, vakkert og spennande.

Kvart år kårar konkurransen Ocean Photographer of the Year dei beste bilda frå havet. Her er eit utval av vinnarar og deltakarar frå årets konkurranse.

Årets havfotograf

Foto: Julien Anton / Ocean Photographer of the Year

Julien Anton blei kåra til Ocean Photographer of the Year – den gjævaste prisen i konkurransen. På bildet ser vi ein mannleg sjøhest og to små sjøhestbarn. Blant sjøhestar er det nemleg mannen som går gravid og fødar barna. Sjølv om det er usikkert om akkurat desse sjøhestane er i slekt, kan det sjå ut som dei unge sjøhestane tek farvel med faren sin.

Eit spesielt møte

Foto: Anita Verde / Ocean Photographer of the Year

Dette bildet er teke av Anita Verde i havet utanfor Mexico. Her ser vi eit møte mellom ein dykkar og ein enorm månefisk.

Barnepass

Foto: Suliman Alatiqi / Ocean Photographer of the Year

Ein mannleg banggai-kardinalfisk beskyttar nyklekte fiskeungar ved å symje rundt med dei i munnen sin. Pappaen passar på ungane sine på denne måten i ti dagar, og i løpet av desse dagane får han ikkje ete. Dette bildet er teke av Suliman Alatiqi i havet utanfor Indonesia.

Middag

Foto: Andrea Michelutti / Ocean Photographer of the Year

Medan banggai-kardinalfisken passar på barna sine, har denne skorpionfisken andre planar for øgelfisken han har i munnen: Mat! Bildet er teke av Andrea Michelutti i havet utanfor Filippinane.

Øving gjer meister

Foto: Matty Smith / Ocean Photographer of the Year

Matty Smith tok dette bildet av ein selunge som øver seg på å svømme. Fotografiet er teke på Falklandsøyane.

Omringa av turistar

Foto: James Ferrara / Ocean Photographer of the Year

James Ferrara vann i kategorien Conservation Impact med dette bildet. Her ser vi at ein kvalhai er omgitt av dykkarar og snorklarar på Maldivene, noko som viser presset turisme kan legge på livet i havet.

Skyss

Foto: Matty Smith / Ocean Photographer of the Year

Med dette bildet vann Matty Smith kategorien Fine Art. På fotografiet ser vi ein ammehai som sym gjennom havet utanfor Maldivene. Under haien ser vi sugefiskar som ofte reiser saman med haiar for beskyttelse og skyss (dei festar seg gjerne på kroppen til haien).

Surfepartnarar

Foto: Gergo Rugli / Ocean Photographer of the Year

Delfinar rir bølgjene side om side med surfarar ved Tamarama Beach i Sydney, Australia. Gergo Rugli vann kategorien Adventure med dette bildet.

Årets beste kvinne

Foto: Jenny Stock / Ocean Photographer of the Year

Jenny Stock blei kåra til vinnaren i kategorien Female Fifty Fathoms med dette bildet. Her ser vi ei skjelpadde på symjetur ved øyane i Fransk Polynesia i Stillehavet.

Eit sjeldan syn

Foto: Kawai Mitsuna / Ocean Photographer of the Year

Dette er ein ung fisk i bandfiskfamilien, som er sjeldan å sjå sidan dei lever på djupt hav – opp til 900 meter. Denne unge fisken er berre nokre centimeter, men kan bli opp mot 1,8 meter som vaksen. Kawai Mitsuna vann kategorien Ocean Unseen med dette bildet.

Konkurransen Ocean Photographer of the Year er halden av magasinet Oceanographic og merket Blancpain. Du kan sjå fleire foto frå konkurransen HER.