Vann skrivekonkurranse om heltar

Klasse 5A ved Mager skule blei klassevinnaren i skrivekonkurransen vår om heltar.

– Klassen var veldig stolte av seg sjølve, skriv lærar Elisabeth Sigaard Haugland i ein e-post til Framtida Junior. Klassen i Alver kommune vann i konkurranse med kring 200 elevar frå heile Noreg.

Klassen jobba med prosjektet i alle norsktimane i tre veker. Dei fekk munnleg og skriftleg rettleiing undervegs. Premien er klassesett av papiravisa Framtida Junior og 1000 kroner i klassekassen. Klassen har veldig lyst anten å dra på kino, trampolinepark eller ha pizzafest.

Teksten til Luna Angela (11) frå vinnarklassen kan du lesa her!

Fleire vinnarar – og fleire heltar

Juryen fekk inn mange gode tekstar, og har òg kåra nokre individuelle vinnarar. Førsteplassen går til Lone Caroline Toxborg Møller Hetland frå Ogna skule på Jæren.

Den rørande teksten ho har skrive om faren sin kan du lesa her!

Mange av tekstane handlar om vanlege heltar som foreldre og andre familiemedlemmar. Medan andre handlar om historiske personar – alt frå Jesus til Rosa Parks – og nokre andre handlar om oppdikta superheltar. Fleire av dei beste tekstane kjem på Framtidajunior.no dei neste vekene.

Dei andre vinnarane av skrivekonkurransen:

Patrick Pulido Ulvang, 7B, Munkerud skole

Eldrid Utgaard, 6. trinn, Lesja skule

Julie Zwart Botnen, Lærdalsøyri skule

Romeu Sanchis Lorente, 6B, Sveio skule

Mykolas Jurcikonis, 6 klasse, Halsnøy skule

Johannes Kvame Brosvik, Brekke skule

Malaika Xia Bentham, Osloskolen