Indisk domstol skal avgjere kven som fann opp «butter chicken»

To restaurantar knviar om kven som fann opp matretten.

Den indiske retten «butter chicken» er ein av dei mest kjente matrettane frå India. Men kven står bak den originale oppskrifta? Det meiner to restaurantar i Delhi i India at dei gjer. No skal ein domstol avgjere kven av dei som har rett, skriv The Guardian.

Gujral-familien meiner at det bestefar Kundan Lal Gujral som fann opp retten på 1930-talet, og tok den med seg til restauranten deira Moti Mahal. Men restauranten Daryaganj seier at deira slektning, Kundan Lal Jaggi, jobba med Gujral og at oppskrifta blei funne opp i 1947.

Det neste rettsmøte om kven som er oppfinnaren av «butter chicken», er i mai.