– Det er samansett, men me meiner at mangel på leik er ein del av det, seier overlege i barne- og ungdomspsykiatrien Charlotte Lunde til TV2.no.
– Det er forsking og dokumentasjon som viser at barndommen har endra seg veldig dei siste 10 – 15 åra. Barn leikar mindre ute, sit meir stille og er på digitale plattformer mange timar per dag, og dette gjer noko med utviklinga deira. Fleire og fleire barn får psykiske helselidingar, legg overlegen til.