– Naturens klasserom bør inn i skulen

Barn og unge må få leika meir fritt i skuletida for å få meir livsmeistring, meiner Merete Lund Fasting som har forska på barn og leik.

Frileik kan gje barn ei oppleving av fryd og glede. Frileik er den leiken ein leikar sjølv – utan at vaksne er med på å bestemma.

– Eg har observert mange barn i leik. Den leiken dei finn på sjølv er under press i vårt samfunn. Frileiken finst framleis, men det er viktig at me tek vare på den, seier Merete Lund Fasting. Ho jobbar ved Universitetet i Agder og har forska på barn sin frileik i naturen.

Strevar med å sitja stille

– Fleire og fleire barn strevar i skulen. Skulen er veldig styrt av vaksne, og det er mykje fokus på at barn må skunda seg å komma gjennom alt dei skal læra. Det er time, friminutt, meir læring, og så kjem prøvar, og meir læring – og slik går dagane for mange. Me gløymer å ta vare på heile kroppen som treng å bevega seg meir naturleg og fritt i naturen. Det er på tide me tek barna sitt behov for frileik meir på alvor, seier Merete.

FORSKAR: Merete Lund Fasting jobbar ved UiA og har forska på barn sin frileik i naturen. Foto: Privat

Viktig for framtida

I eit forskingsprosjekt observerte ho og snakka med barn som var 10 år, og så møtte ho dei same menneska ein gong til 14 år seinare. Då snakka ho med dei om deira leikestadar som barn.

– Då var dei fylt 24 år, og dei fortalde meg at den frie leiken i barndommen var svært viktig for dei vidare i livet. Det dei lærte i frileiken var for eksempel viktig når dei skulle finna nye venner eller bli kjent med plassen der dei skulle bu. Dei hadde fått med seg ei stor glede over å bevega kroppen, og dei var glade i å halda til tid i naturen. Dei var også svært trygge på å vera ute i naturen, fortel ho.