– Me må ta vare på leikeplassane

Framtida Junior har snakka med Leah, Aksel og Mathias om leikeplassane i nabolaget deira.

– Det er veldig dumt at leikeplassane gror att. Me burde ta vare på dei. Me treng ein plass å leika, seier Leah Vassnes Hahtokari (11).

I Leah sitt nabolag i Sagvåg i Stord kommune, har dei ein gamal leikeplass med øydelagde leikeapparat.

– Den gror igjen. Men no har dei vaksne sagt at dei skal fiksa den slik at den blir fin, fortel ho.

I same nabolag bur Aksel Leknesund Valvatne (11).

– Det er bra at dei skal fiksa den. Det er ein gamal sliten skatepark der som dei skal fjerna.

Dei skal laga noko anna kjekt der i staden, fortel Aksel.

TA VARE PÅ: – Folk bør ta vare på leikeplassane. Då hadde ungar leika der oftare, seier Mathias. Foto: Janne Nerheim

Roten leikeplass

Ei liten sykkeltur frå nabolaget til Aksel og Leah, bur Mathias Torland Lillebø (11).

– Folk bør ta vare på leikeplassane. Då hadde ungar leika der oftare. Når det er rotna farlege leikeapparat der, er det ingen som vil vera der, seier han.

Mathias bur både hos mamma og pappa, og har to ulike nabolag.

– Me har ein øydelagt leikeplass der eg bur hos pappa. Den er roten. Hos mamma er det ein fin leikeplass som nabolaget ryddar når det trengst, fortel Mathias.

Vil leika meir

Både Leah, Aksel og Mathias vil bruka leikeplassane i nabolaget.

– Eg likar å gå dit når eg vil lufta meg, og heng med vener der, fortel Leah.

– Eg kjem til å vera der meir når leikeplassen blir fiksa, seier Aksel.

– Eg leiker av og til på den hos mamma. Men ikkje hos pappa. Det er ikkje trygt å leika der, fortel Mathias.

VIL LEIKA: Både Leah, Aksel og Mathias vil bruka leikeplassane i nabolaget. Foto: Janne Nerheim