– Det går fint å leike på engelsk

Søstrene Ingvor (11) og Bjørk (10) Tønder Vold bur i Sør-Korea og går på ein internasjonal skule med elevar frå land som USA og Russland.

Sidan klassekameratane kjem frå heile verda, snakkar dei saman på engelsk.

– Då vi flytta hit var det litt rart å plutseleg snakke engelsk heile tida, men vi blei vane med det, seier Ingvor.

– I begynninga syntest eg det var vanskeleg å finne nokon å leike med, men no går det fint å leike på engelsk, seier Bjørk.

Kjente og ukjente leiker

Det er ikkje berre språket som er uvant, kva dei leiker er også annleis. Nokon av dei nye leikene søstrene har lært, har namn som «Hot potato» og «Virus». Bjørk har også vore med på tautrekking, som er ein tradisjonell koreansk leik.

– Då var det vi barna mot dei vaksne. Vi skulle dra i kvar vår ende av eit kjempelangt tau og prøve å få dei andre til å falle, fortel ho.

KJENT LEIKE: Jojo er også populært i Sør-Korea. Foto: Synne Ulltang

Bjørk kjente leiken med tautrekking frå Noreg. Også andre leiker er kjente.

– I gymtimane speler vi blant anna kanonball og basketball. Sisten er også ein leik som er vanleg i fleire land, seier Ingvor.

Samlar på kosedyr

Det er fristande å kjøpe nye leiker i eit anna land. Bjørk samlar på kosebamsar, og samling har vakse etter at dei flytta.

– Det beste med bamsane er å kose med dei og sjå på dei, for dei er så søte! seier Bjørk.

KOSEBAMSESAMLING: Bjørk kjøpte nyleg ein blå bamse som får plass i samlinga. Foto: Synne Ulltang

Ho viser fram nokon av bamsane ho har kjøpt. Løva Ryan og den blå Pokemon-bamsen får bli med til Noreg når familien flyttar tilbake igjen. Men det kan hende det blir litt trongt på rommet når bamsane frå Sør-Korea flyttar saman med bamsane frå Noreg.

– Du kan jo gi nokon til Torkil? foreslår Ingvor og ser bort på veslebroren deira på 4 år.

– Nei, alle bamsane skal få plass på rommet mitt, smiler Bjørk.

Mange leikeplassar å velje mellom

– Ein forskjell mellom Noreg og Sør-Korea, er at det er mange fleire leikeplassar her, fortel Ingvor.

Spreidd mellom dei høge leilegheitsbygga i nabolaget er det 10 leikeplassar. Bjørk kan treffe venner frå skulen på leikeplassen, men vennane til Ingvor går ikkje ofte på leikeplassen lenger.

– Av og til tar vi med Torkil dit. Og nokon gonger går vi ut fordi mamma seier vi må lufte oss, seier Ingvor.

Sjølv om ho leiker mindre no, meiner ho at det er viktig å leike.

– Viss du er stressa, kan det å leike noko gøy hjelpe deg med å slappe litt meir av.

Men det må vere noko ho synest er gøy, som fotball eller volleyball.

– Nokon gonger kan du ha det gøy sjølv om du ikkje leiker, og nokon gonger kan du ha det kjedeleg sjølv om du leiker. Det spørst på leiken, meiner ho.

ANDRE LEIKEAPPARAT: På leikeplassen har dei mellom anna zipline. Foto: Synne Ulltang