80 ulike leikar i eitt måleri

«Barns leik» er eit oljemåleri av den nederlandske renessansemålaren Pieter Bruegel. Bildet vart måla i 1560 og viser kring to hundre barn som leikar om lag 80 ulike leikar.

Det spennande måleriet viser eit bytorg, med ei elv og landsbygd på venstre side og ei bygate som strekkjer seg ut i horisonten på høgre side. Over alt, inkludert inntil og inni bygningane, kan me sjå barn i intens leik. Sjølv i det rolegare øvste venstre hjørnet av måleriet finn me barn som badar i elva.

Biletet inviterer auga til å vandra frå den eine vesle scena til den neste. Leikane som er avbilda tilhøyrer mange årstider.

Finn du leikar du har leika sjølv i måleriet?

(Kjelde: Wikipedia)