Mange leikeplassar gror igjen

Mange nabolag har leikeplassar som gror igjen. Samtidig brukar mange barn meir tid innandørs eller i organiserte fritidsaktivitetar enn før.

– Mange ungar likar å leika fritt, gøyme seg og la fantasien blomstre, fortel Merete Lund Fasting. Ho jobbar ved UiA og har forska på barn sin frileik i naturen.

Ho brenn for at barn skal kunne leika ute i sitt nabolag, og meiner me må ta vare på og utvikla leikeplassane som allereie finst.

I ei undersøking frå 2022 svara 18 prosent av foreldra at barna deira leikar ute 5-7 gonger i veka.

– Det er ein kraftig nedgang sidan 2015, då 41 prosent svarte det samme, fortel Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Ein viktig møteplass

Leikeplassar er ein møteplass der barn møter andre barn. Plassane ligg ofte i nærleiken av eit skogholt, noko som gjer at barn tek i bruk mykje meir av naturen der dei bur, ifølgje forskar-Merete.

– Barn og unge må få meir tid uten planar. Meir tid til å leika fritt. Mange barn og unge har heile livet sitt organisert inn i skule og aktivitetar. Mange blir slitne og stressa av det, og det er også mange som føler at dei ikkje passar inn, fortel ho.

Forskaren meiner det er viktig at barn får tid til å dikta opp sin eigen leik utan at vaksne blandar seg inn.

Mykje innetid

Merete er redd fleire leikeplassar forsvinn.

– Det blir fort parkering eller nye bygg der det har vore leikeplassar. Kanskje me heller kan finna ut kva me skal bruka desse områda til ilag med barna?, spør ho.

Merete trur mange barn og unge ville likt å vera med på å bestemme kva leikeplassane skal bli brukt til.

– Me vaksne har ting å lære av barn og unge. Dei er gode på å tenkja ut løysingar. Eg møtte nyleg ei mor som hadde brukt to feriedagar på å rydde den gjengrodde leikeplassen i nabolaget. Heile nabolaget skulle samlast der. Det var inspirerande!, seier Merete.