BMX-sykkel er ein ganske liten sykkel som mellom anna blir brukt til å trikse med. Seks år gamle Tsumugi frå Japan har triksing med BMX-sykkel som hobby.
Då han var fem år, tok han baklengs salto med BMX-sykkel og blei den yngste i verda til å klara dette trikset. HER kan du sjå Tsumugi baklengs salto.
Eit par månader seinare hadde han fylt seks år og gjorde trikset BMX flair. Dette er eit triks som kombinerer baklengs salto med ein rotasjon på 180 grader. HER kan du sjå seksåringen gjera ein BMX flair.
Tsumugi håpar at verdsrekordane hans kan inspirere alle barn i verda som held på med BMX-sykling, og minne dei om at alderen ikkje har noko å seie når det gjeld å oppfylle draumane sine.






















