– Då eg gjekk ein tur i skogen ved barndomsheimen min, fekk eg ein tanke: «Kva om det plutseleg dukka opp eit digert tjern som aldri har vore her før? Det ville vore ganske ekkelt», fortel Sara Hjardar.
Etter turen begynte Sara å skisse teikningar av tjernet som hadde dukka opp i fantasien hennar, og ho begynte å fundere på kvar tjernet kunne føre hen.
Til slutt blei dette til bokserien om Mia Myhr – ei jente som må redde storesystera Hanna etter at ho forsvann på mystisk vis i eit tjern i skogen.
– Tjernet fører Mia til ei skummel underverd fylt med brutal magi og merkelege vesen, seier Sara.
No har Sara gitt ut den femte og siste boka i skrekkserien.

Inspirert av lesar
– Eg har hatt slutten planlagd frå starten, kan Sara fortelje.
Samstundes er det mange av hendingane i bøkene som har blitt til undervegs i skrivinga og teikninga.
– Faktisk er vala eg har teke undervegs favorittaugneblinka mine i serien.
Sara fortel at også ein lesar har vore med på å bestemme handlinga.
– Når eg har vore på klassebesøk eller bibliotekbesøk, har det har det vore spennande å høyre på alle teoriane til barna – om kva dei trur kjem til å skje i bøkene. Eg la faktisk inn ideen til ein av lesarane mine i den eine boka. Kva det var, skal bli verande ein hemmelegheit.

Både Sara og Mia er litt usikre og redde
Sara kan røpe at ho faktisk liknar litt på Mia Myhr. Ho likar nemleg å ta utgangspunkt i delar av sin eigen personlegdom når ho lagar karakterane sine. Mia fekk Sara sin usikkerheit og tvil.
– Det er noko eg sjølv slit med å kome over, så eg har difor brukt Mia som ein måte vi begge kan lære å stole på oss sjølve, og ikkje alltid høyre på dei kritiske stemmene i hovuda våre.
I tillegg er Sara ein reddhare, akkurat som Mia.
– Hadde eg ikkje vore redd for noko, hadde eg heller ikkje visst kva som kunne skremme lesarane mine, meiner Sara.
Når ho skal teikne noko skummelt eller ubehageleg, stiller Sara seg sjølv spørsmålet: «Kva ville eg helst ikkje møtt på i denne situasjonen?» Deretter teiknar ho det som var svaret på spørsmålet.

Vil sakne å teikne Mia
Sara synest det er både trist og fint å ta farvel med Mia Myhr og den skumle verda ho ferdast i.
– Det er veldig deilig å vere ferdig etter seks år med arbeid, men det er også trist å seia farvel til karakterar som eg har vore saman med kvar dag i så mange år.
Sara kjem til å sakne å teikne Mia, sidan det er ein karakter ho kjenner så godt og som det er veldig lett å jobbe med.
– Det lettaste hadde nok vore å berre fortsetja serien i det uendelege, men då hadde eg heller ikkje lært å utvikle meg til å bli ein betre teikneserieskapar.

Nye, skumle bokplanar
No skal Sara utvikle seg gjennom to nye bokprosjekt. Ho vil ikkje røpe for mykje, men fortel at det vil bli meir skrekk.
Sara skal først lage ei bok som skal handle om ein gut, ein katt og gigantiske skumle vesen.
– Etter det har eg planar om ein ny skrekkserie som skal handle om ei jente, havet og ei ekkel tare som forandrar alt levande ho tek på.





















