Moltebær for første gong på Svalbard

I september blei det funne molter på Svalbard.

Moltene blei funne av Stein Tore Pedersen, skriv forskning.no.

– Eg trur moltebæra er eit direkte resultat av den uvanleg varme sommaren vi har hatt i år, seier Stein Tore til Norsk Polarinstitutt.

Juli var den varmaste månaden som er registrert på Svalbard. Molteplantar treng over 10 varmegradar og lite regn for å få bær.

Det er ikkje nytt å finne molteplanten på Svalbard, men aldri før har nokon funne moltebær.