Svalbardmiljølova blir endra – reiselivet er bekymra for færre turistar

Fryktar endringar i lova vil gjere det vanskeleg å ta nærbilde av isbjørn.

Svalbardmiljølova er ei lov som fortel korleis vi skal ta vare på miljøet på Svalbard. Torsdag førre veke vedtok Stortinget endringar i Svalbardmiljølova.

Frå neste år vil det vere forbode å vere nærmare enn 300 meter til isbjørn. Det blir også forbode å gå i land i fleire verna område.

Målet med endringane er mellom anna å beskytte isbjørnen, som er ei sårbar art.

– Klimaendringane fører til vanskelegare forhold for isbjørn på Svalbard. At dei får leite etter mat, jakte, kvile og passe på ungane sine utan forstyrringar frå oss menneske er viktig. Derfor må vi halde god avstand. God avstand vil også sikre at det ikkje oppstår farlege situasjonar og at isbjørnen over tid ikkje venner seg til menneske, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Turistar ønsker bilde av isbjørn

Mange turistar kjem til Svalbard for å sjå isbjørn. Reiselivssjefen i Visit Svalbard, Ronny Brunvoll, seier til NRK at endringane vil gjere det vanskelegare å drive med turisme. Reiselivet på Svalbard fryktar konsekvensane av kravet om å halde seg 300 meter vekke frå isbjørn.

Endringane i Svalbardmiljølova vil gjelde frå januar 2025.