– Eg trur at isbjørn for oss vert litt som hoggorm!

Alva, Mia, Elise og Madelen bur i Longyearbyen på Svalbard.

  • Øygruppa Svalbard er 61 022 km2. Det er større enn heile Danmark!
  • Det regnar så lite på Svalbard, at ein kan kalle det ein arktisk ørken.
  • Frå midten av november og ut januar er det fullstendig mørkt heile dagen.
  • I Longyearbyen er det éin skule, og der går ein frå 1. klasse til ein er ferdig på vidaregåande. Skulen husar kring 200 elevar frå 1-10 klasse, og rundt 30 elevar på vidaregåande trinn.
  • Det er berre éin matbutikk i Longyearbyen, og eitt kjøpesenter.
  • I Longyearbyen har dei både idrettshall, symjehall, ungdomsklubb, bibliotek og kino. Der er også eit sjukehus, men det er veldig lite
LES FAKTALUKK FAKTA

Alva Elise Andersen (12) kjem rutsjande med ein fot på snøbrettet. Ho er nettopp ferdig med skuledagen, og er litt raskare på heimvegen enn klassekameratane Mia Ekeblad Eggenfellner, Madelen Selven og Elise Fredheim.

Dei fire jentene bur i Longyearbyen på Svalbard. Det er så langt nord at sola forsvinn i fleire månadar kvart år, der er berre éin matvarebutikk, og det veks ikkje eit einaste tre.

–  Det er litt kjedeleg å ikkje ha noko å klatre på, seier Madelen.

Men dei har likevel mykje å finne på – dei kan både spele fotball og handball, drive med turn og symjing. I tillegg har dei ein ungdomsklubb som arrangerer lan, juleball og forskjellige festar.

– Og så er vi er mykje ute, fortel Madelen.

– Heile klassen møtast ved Gruvemann-statuen i sentrum og så leikar vi boksen går eller har snøballkrig.

Det einaste dei fire jentene saknar er klesbutikkar og McDonalds – for det har dei ikkje i Longyearbyen. Foto: Bente Kjøllesdal.

Mørketid og isbjørn

Alva fortel at på vinteren så leikar dei også «Ring og spring». Når det er så mørkt så er det lettare å gøyme seg etter at dei har ringt på dørklokka til nokon, seier Elise.

Men når det er mørkt er det viktig at dei ikkje går for langt frå sentrum, for på Svalbard bur det også isbjørn.

– Vi må berre halde oss i gata då, og ikkje gå langt ut i hutaheiti for der er det ikkje lyktestolpar, seier Alva. 

Foto: Bente Kjøllesdal

Alle fire jentene har sett isbjørn før. Om isbjørnen kjem gåande inn til Longyearbyen, så vil Mia kunne sjå den frå soveromsvindauget sitt, forklarar ho.

Elise fortel at familien hennar har ei hytte utanfor Longyearbyen, på ein plass som heiter Vindodden.

– Der er det slik at eg ikkje kan gå ut utan ein vaksen, seier ho.

Men heldigvis er det sjeldan at isbjørnen kjem traskande til sentrum, så det er ikkje noko dei treng uroe seg for til vanleg.

Eg trur at isbjørn for oss vert litt som hoggorm, seier Alva.

Forskarar veit ikkje nøyaktig kor mange isbjørnar som bur på Svalbard, men i heile Barentshavsregionen er det mellom 1900 og 3600 isbjørnar. Difor seier også Sysselmannen at alle som skal ut på tur, må ha med seg noko dei kan bruke til å jage vekk isbjørn.

Mange av husa i Longyearbyen er måla i fine fargar. Foto: Bente Kjøllesdal

Mange flyttar

Sjølv om Alva, Mia, Elise og Madelen har budd på Svalbard heile livet, så er det ikkje slik for alle.

Alva likar å renna på éi ski.

Mia fortel at veldig mange flyttar til Svalbard fordi foreldrene skal jobbe der eitt år, og så reiser dei igjen. Det kan vere ganske trist.

Du kan ikkje bli knytta til folk på ein måte. I alle fall ikkje for godt, for då kan hjartet ditt knuse på grunn av at bestevennen din dreg, seier Madelen.

– Det var difor eg kom tilbake, seier Alva.

Ho og familien flytta til Bø i Telemark i sommar, men i oktober, så flytta dei tilbake igjen til Svalbard.

Eg hadde jo dykk her! De var ikkje der nede, seier Alva til dei tre andre.

Det er også ein Svalbardtradisjon å ta av seg skoa når ein går inn – anten det er på hotell, museum eller heime.