Vann pris for «Beste song for samfunnsendring»

Iranske Shervin Hajipour (25) er den aller første vinnaren i den nyoppretta kategorien «Beste song for samfunnsendring» på Grammy-prisutdelinga.

Han vann for låten «Baraye» som han la ut på Instagram i september i 2022.

Låtteksten er samansett av Twitter-meldingar frå unge iranarar om kvifor dei protesterer mot regimet i landet. I løpet av to dagar vart videoen sett av 40 millionar menneske, og kort tid etter vart han arrestert for «propaganda mot regimet» og for å «oppfordre til vald».

Hajipour er lauslaten mot kausjon, men risikerer seks år i fengsel for songen.