Iran set opp kamera for å overvaka kvinner

Iranske styresmakter har bestemt seg for å installere kamera på offentlege stader. Det gjer dei for sjekka at alle kvinner er tildekte når dei er ute blant folk.

Mange iranske kvinner har droppa sløret etter at 22 år gamle Masha Amini døydde i varetekt hos moralpolitiet i september.

Irans såkalla «moralpoliti» har i oppgåve å sikra respekten for islamsk moral. Det inneber mellom anna å rapportera om «dårleg hijab», eit samleomgrep som gjeld brot på den strenge kleskoden i landet for kvinner.

– Kvinner som ikkje er riktig kledde vil bli straffa, uttalte politiet i landet laurdag ifølgje Reuters.