Ein har lenge trudd at jorda bestod av fire lag. No har forskarar funne eit femte. Grafikk: Kelvinsong / Creative Commons

Me har lenge trudd at jorda har fire lag. Skorpa på utsida, mantelen, den ytre kjernen og den indre kjernen. No har forskarar oppdaga at det ligg ei nesten 650 kilometer brei jernkule heilt inst, melder CNN.

Forskarane undersøka seismiske bølger som kjem frå jordskjelv.

Når dei ser på bølgene kan dei finne ut kva material som finst på plassar ein ikkje kan sjå, litt som eit ekkolodd.

Forskarane sender signal ned i bakken frå ulike plassar og vinklar og måler kor lang tid det tek før dei kjem seg gjennom jorda. Det tek ulik tid for signala å komma seg gjennom ulike material.

Les også: Kontinenta har rørt på seg i 3,2 milliardar år

Resultat:  

Vurdering: