Ny forsking: Tre kan hugse

Forsking viser at tre moglegens skjønar når på våren dei skal la lauvet springe, for å unngå angrep frå insekt.

For at lauvtre skal overleve og vere sunne treng dei blada sine. Det er nemleg gjennom dei grøne blada, kalla lauv, at tre samlar opp energi frå sola som dei bruker til å vekse.

Denne energien gjer også at dei kan drikke vatn med røtene som står i jorda. Når lauvtrea feller blada sine om hausten, landar dei på bakken og rotnar. Då blir det daude lauvet næring som treet tek opp med røtene igjen.

Nokre gonger kan det skje at lauvtre blir angripe av insekt som et blada, noko som altså er skadeleg for trea. No har forskarar funne eksempel på tre som er så smarte at dei kan unngå slike angrep.

Smarte tre

Forskarar ved Universitetet i Würzburg i Tyskland har observert eiketre som ventar lenger enn andre eiketre med å la blada sine springe ut.

Eiketrea som ventar, er dei som har blitt angripe av larva løvskognonne året før. Ved at desse trea venta tre dagar lenger, unngjekk dei å ha blad når løvskognonne-larvene blei klekte.

Dette førte til at larvane ikkje kunne skade trea året etter eit angrep. I tillegg var det mange av larvane som døydde sidan dei ikkje fekk i seg mat, og det ble dermed færre larver som angreip trea også etter at dei lot blada sine springe.

LARVEANGREP: Denne larva heiter løvskognonne og er ein trussel for lauvtre, då ho et blad. Foto: Pixabay

Kan vere tilfeldig

James Cahill er forskar ved Universitetet i Alberta i USA og han tykkjer forskinga er svært interessant. Likevel peiker han på at det kan vere tilfeldig at trea som var angripe eitt år, spirer seinare året etter.

– Ein kan ikkje seie heilt sikkert at årsaka er larveangrepa, men derfor er det viktig å gjere meir forsking på området, seier han til New Scientist.