Varsla om overgrep etter at dei såg «Supernytt»

Ein 38 år gammal SFO-tilsett i Bergen er tiltalt for overgrep på åtte jenter ved to skular.

Tre jenter i alderen 6 til 8 år varsla om at assistenten hadde overgripe seg på dei. Dei forstod at det mannen gjorde mot dei var ulovleg etter at dei såg ein episode av «Supernytt», skriv NRK.

Episoden handla om overgrep. Du kan sjå Supernytt-episoden som jentene skal ha sett på NRK.

Her kan du lesa meir om kva overgrep er.

Jentene meldte frå til helsesjukepleiaren på ein av skulane, som varsla politiet om det jentene hadde fortalt. Dei var redde for at mannen skulle gjera det same med andre born på andre skular.

– Me ville stoppa han, sa ei av jentene til politiet i avhøyr.

Mannen nektar for at han har gjort noko gale.

Rettsaka pågår i Bergen tingrett i desse dagar.