Dette er verdas yngste kvinnelege forfattar

5-åringen Bella J. Dark er den yngste kvinnelege forfattaren i verda, som har fått publisert ei bok.

I fjor overraska britiske Bella J. Dark familien sin, då ho fortalde dei at ho skulle skriva ei bok. Dei trudde ikkje heilt på ho, og tenkte dette berre var noko ho sa, skriv Goodnewsnetwork.

Men det var det ikkje. Fem dagar etter at ho starta prosjektet sitt, hadde ho skrive heile historia, i tillegg til å teikna og fargeleggja alle illustrasjonane (med unntak av ein teikning som søstera hennar har laga), skriv Kids Guinness World Records.

«The lost cat» av Bella J. Dark. Foto: Kids Guinness World Records

Boka fekk namnet «The Lost Cat», og handlar om ein katt med namn Snowy.

Den yngste publiserte forfattaren i verda

Snowy reiser på eventyr aleine, og endar med å gå seg vill i mørkret. Kanskje han ikkje burde gått ut utan mora si alikevel?

Ginger Fyre Press produserte boka til Bella, som har vore tilgjengeleg for kjøp på den digitale tenesta Amazon, på e-bok og som pocketbok.

Boka har blitt svært populær, og har solgt over 2000 kopiar.

Det var nok til at Guinness rekordbok kom på banen – for no er Bella offisielt blitt den yngste publiserte kvinnelege forfattaren i verda.

– Me er så stolte av Bella

Informasjonen om at ho har fått namnet sitt i rekord-boka, fekk Bella på e-post frå Guinness. Der stod det mellom anna at:

– Me er svært glad for å kunna informera deg om at du er den yngste personen til å publisera ei bok (kvinne) og at Bella no er Guinness World Records-tittelinnehavar. Gratulerer, du er offisielt fantastisk!

Den gjeve tittelen har gitt Bella inspirasjon til å setja i gong med nye prosjekt allereie. Oppfølgjaren til «The Lost Cat» skal heita «Snowy’s Birthday Party».

– Me er så stolte av Bella og kan ærleg talt ikkje forstå kor fantastisk dette er, seier mammaen hennar, som heiter Chelsie Syme.