Kjem du over desse fiskane, må du melda frå

Her kan du bli betre kjent med fem artar som ikkje er vanlege i Noreg, men som det likevel er sjans for at du kan sjå i sommar.

– Me får mange meldingar frå folk som har sett fiskar som dei ikkje har oppdaga før. Ein del av artane som truleg vil koma til Noreg har me sett føre oss, men ikkje alle, seier Otte Bjelland, som er forskar i Havforskningsinstituttet.

Derfor ber han om at alle som ser uvanlege fiskar i sommar, melder frå til dei. På nettsida Dugnad for havet kan folk registrera funna sine. Få gjerne hjelp av ein vaksen til å laga ein brukar på sida dersom du oppdagar ein av artane.

– No når det går mot varmare tider, er det fleire auge på det som skjer i og ved vatnet. Hobby-havforskarane er gull verdt for oss, seier han.

Sjøhest

  • Vitskapleg namn: Mellom anna Hippocampus guttulatus
  • Familie: Nålefiskfamilien
  • Mest vanleg å finna: I tropiske strøk. Arten Hippocampus guttulatus kan finnast i nord til sørlege deler av Nordsjøen
Foto: Pixabay

Det finnast om lag 35 artar som kan kallast sjøhest og den er mellom 10–25 centimeter lang.

Bjelland seier den ser ut som en hest med ein krøllande hale, og beskriv den som ein veldig rar art. I tillegg er den også veldig spesiell, då det er hannane som går gravid. Dei ber med seg egga i ein pose på magen. Enno ikkje gjort funn av denne i Noreg.

Blåhai

  • Vitskapleg namn: Prionance glauca
  • Familie: Blåhaifamilien
  • Mest vanleg å finna: I tropiske og tempererte område av alle hav. Dei likar temperaturar mellom 12–20 grader
Foto: Wikimedia Commons, Patrick Doll, CC BY-SA 3.0-lisens

Blåhaien kan bli tre–fem meter lang. Den har ein slank kropp og ein blågrå farge på ryggen. Sidene og buken har ein lysare farge, medan finnene er mørkare. Den blir skildra som ein rovfisk, men er ikkje rekna som veldig farleg for menneske.

Sjølv om den ikkje er ofte på besøk, kjem blåhaien av og til til norske farvatn. Sist den vart oppdaga, var i februar 2016. Først i Førdefjorden på Vestlandet, og deretter veka etter i Oslofjorden.

Månefisk

  • Vitskapleg namn: Mola Mola
  • Familie: Månefiskfamilien
  • Mest vanleg å finna: I øvre vasslag av alle varme hav
Foto: Pixabay

Månefisken blir rekna som verdas største beinfisk. Den har ikkje hale, har knapt nok virvlar og kan bli opp mot 3,4 meter lang og vega over 2,3 tonn.

Kroppen til månefisken er rund og huden er lys grå. Ryggfinna og glattfinna er kraftig og åreliknande. Den er normalt sett dårleg til å symja, og driv med straumen. Derfor kjem den often inn til norskekysten som følge av Atlanterhavsstraumen.

I perioden frå 1800 – 2018 er over 2000 månefisk observert i Noreg.

Svartmunna kutling

  • Vitskapleg namn: Neogobius melanostomus
  • Familie: Kutlingfamilien Gobiidae
  • Mest vanleg å finna: Høyrer heima til i området rundt svartehavet og dei Kaspiske hav, men er spreidd til nye område i Eurasia og Nord-Amerika av menneske
Foto: Leon Green Ekelin, CC BY 4.0-lisens

Ein Svartmunna kutling kan bli inntil 25 centimeter lang. Den er kraftig bygd og har ein grå-brun farge. Eit godt kjenneteikn er den store svarte flekken bak den første ryggfinnen. Den er svært tilpassingsdyktig, og trivast godt både i elvar, innsjøar og på kysten.

Då den er ein invaderande art, kan den utkonkurrere lokale artar. Mellom anna er den blitt eit problem i Austersjøen. Arten er enno ikkje oppdaga i Noreg.

Makrellstørje

  • Vitskapleg namn: Thunnus thynnus
  • Familie: Makrellfamilien
  • Mest vanleg å finna: Utbreidd over heile Atlanterhavet, i hovudsak i dei varmare områda
Foto: Wikimedia Commons, Rafa Gallut, CC BY-SA 3.0

Makrellstørja er ein tunfisk som kan bli opp mot 4,5 meter lang og ha ei vekt opp mot 680 kilo. Ryggen er som oftast blåsvart, medan sidene er lyse. Bjelland fortel at dei er store og raske, og at dei som møter på ein stim med Makrellstørje, får sjå noko fantastisk.

– Det er ei oppleving som lett slår kvalsafari. Det er mykje meir fart og dei hoppar alle vegar.

Den har lenge vore vekke frå norskekysten. Bestanden i stadig betring. Makrellstørja er som regel å sjå på kysten av Vestlandet, frå Rogaland til Trøndelag.

Kjelder: SNL, Artsdatabanken