Denne fisken fell 20 tenner kvar dag

Tenna til fisken er spisse og skarpe og veks ut att same dag.

På dansk heiter han lingtorsk, på svensk grønfisk og på engelsk heiter han pacific lingcod. På norsk har han ikkje fått eit namn enno, og vil mest sannsynleg ikkje få det, seier professor Leif Asbjørn Vøllestad ved Universitetet i Oslo til Ung.Forskning.no.

Veldig spisse tenner

Denne fisken har rundt 500 tenner som liknar på nåler. Dei stikk ut av kjeften og er sterke nok til å knusa kreps. På grunn av dei spisse tennene, klarer han å drepa alt frå slimete blekksprutar til harde skaldyr.

Forskarar har klødd seg i hovudet over korleis fisken klarar å halde tenna sine så skarpe, men no har dei funne ut av mysteriumet. Fisken fell opptil 20 tenner kvar dag, og så veks det nye spisse tenner ut.