Dette er dei nominerte til Bokslukerprisen 2022/23

Ti bøker er plukka ut som nominerte i Bokslukerprisen. Lurer du på kva bøker det er snakk om?

FAKTA:
  • 
Bokslukerprisen er ein nasjonal leselystpris for elevar på mellomtrinnet.
  • Prisen har til hensikt å fremma engasjement for lesing, og å løfta fram norsk litteratur som blir gitt ut for aldersgruppa 10–12 år.
  • Prisen er i regi av foreininga! les.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me er veldig nøgd med tilbakemeldingar og innsatsen som leseklassene har gjort, seier prosjektansvarleg for Bokslukerprisen i foreininga !les, Sigrun Feiring i ei pressemelding.

43 klassar har den siste tida nøye vurdert rundt 70 bøker og skrive 1170 bokmeldingar og kommentarar. No sit Bokslukerprisen att med berre 10 nominerte bøker, som alle kan stikka av med den gjeve sigeren.

10 skal bli til 5

Før det heile blir avgjort, skal 125.000 elevar på mellomtrinnet lesa, tenkja og seia meininga si om dei ti bøkene. I løpet av hausten blir dei ti nominerte til fem superfinalistar.

– Det blir mange gode leseopplevelser utover hausten, seier Sigrun Feiring.

Dette er dei ti nominerte bøkene:

Foto: Bonnier Forlag

1: «På same lag»

Boka er skrive av Harald Rosenløw Eeg, Ada og Andrine Hegerberg.

Illustratør er Hans Jørgen Sandnes, og boka blir gitt ut av Bonnier Forlag.

2: «Skallen»

Boka er skrive av Harald Nortun, og blir gitt ut av Samlaget.

3: «Sommer med Jo»

Boka er skrive av Kristine Rui Slettebakken, og blir gitt ut av Gyldendal.

Foto: Gyldendal

4: «Familien Brattbakk»

Boka er skrive av Julia Kahrs, og blir gitt ut av Gyldendal.

5: «Fimbulvinter. Ragnarok bok 2»

Boka er skrive av Odin Helgheim, og blir gitt ut av Egmont.

6: «Vulkanen vaknar»

Boka er skrive av Tor Arve Røssland.

Illustratør er Nikolai Lockertsen, og boka blir gitt ut av Samlaget.

Foto: Gyldendal

7: «TIX. Den stygge andungen»

Boka er skrive av Andreas Haukeland og OIav Brekke Mathisen.

Illustratør er Odin Helgheim, og boka blir gitt ut av Gyldendal.

8: «Det første oppdraget. Portalpilotene»

Boka er skrive av Stian Gulli.

Illustratør er Sigbjørn Lilleeng, og boka blir gitt ut av Aschehoug.

Foto: Samlaget

9: «Kampen»

Boka er skrive av Geir Egil Eiksund, og blir gitt ut av Samlaget.

10: «Tankespinneren»

Boka er skrive av Vibeke Koehler, og blir gitt ut av Cappelen Damm.