Desse bøkene er nominert til Bokslukerprisen 2021/22

Dei ti nominerte bøkene i Bokslukerprisen for neste skuleår er no klare. 125.000 elevar på mellomtrinnet skal i haust lesa utdrag frå bøkene og deretter stemma fram sine fem superfinalister.

Dette er Bokslukerprisen:

Bokslukerprisen vart etablert i 2014 og blir arrangerte av Foreningen !les. Nærare 350 000 elevar har deltatt i prosjektet så langt.

I skuleåret 2021/22 skal 125.000 elevar skal lesa utdrag frå ti norske bøker for aldersgruppa 10–12 år, og så stemma over kva fem bøker som skal bli superfinalister.

LES FAKTALUKK FAKTA

Bøkene er valde ut på bakgrunn av vurderingar frå 48 anmelderklasser rundt omkring i Noreg. Ein av klassane er frå Byskogen skule i Tønsberg, og ifølgje lærar Birgit Halvorsrød var det umiddelbart eit stort engasjement blant elevane då dei fekk oppdraget, skriv Foreningen !les i ei pressemelding.

– Dei fleste elevane har lese bøker dei mest sannsynleg ikkje ville valt ut sjølv, og har funne ut at bøkene var knallbra. Vi brukte mykje tid i starten og jobba masse med å skriva meldingar, seier Halvorsrød og legger til:

– Dette oppdraget har verkeleg samla klassen. Dei har utvikla ein stor leseglede og hjelper kvarandre med entusiasme til å finna nye bøker å lesa.

Elevar på Byskogen skule i Tønsberg. Foto: Birgit Halvorsrød

Fin og variert liste

Prosjektleiar for Bokslukerprisen i Foreningen !les, Troels Posselt, er godt fornøgd med innsatsen til anmelderklassane, og synest det har vorte ei interessant liste med nominerte bøker.

– Anmelderklassane har gjort ein imponerande jobb i ei vanskeleg tid. Eg synest dei nominerte bøkene utgjer ein veldig fin og variert liste. No gler eg meg til at nærare 125.000 barn i løpet av hausten skal lesa og seia meininga si om dei ti utvalde, seier han.

Dette er dei ti nominerte bøkene: 

  • Hetebølge av Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen, Kagge forlag 2021
  • Lappjævel! av Kathrine Nedrejord, Aschehoug 2020
  • Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes, Aschehoug 2020
  • Eg har venta på deg av Atle Hansen, Samlaget 2020
  • Bare Victor av Victor Sotberg og Erik Eikehaug. Illustrert av Charlotte Sandmæl, Gyldendal 2020
  • Hør’a dagbok av Amina Sewali, Aschehoug 2020
  • Charlie Drømmevandrer. Fangene i Adnafjell av Svein Tindberg, J. M. Stenersen forlag 2020
  • Hva skjedde egentlig med deg? av Jenny Jordahl, Cappelen Damm 2020
  • Spådama i 7B av Harald Nortun, Samlaget 2020
  • Jeg er Leona av Line Baugstø, Aschehoug 2020

Les også: Favoritten til Malin og Thea vann Bokslukarprisen

Les også: Vann Bokslukarprisen med skummel bok: – Dei fleste likar å bli litt skremt

Kva bok er din favoritt?

Kva bok er din favoritt?

Hetebølge2
Lappjævel!1
Ti kniver i hjertet0
Eg har venta på deg0
Bare Victor4
Hør’a dagbok0
Charlie Drømmevandrer. Fangene i Adnafjell0
Hva skjedde egentlig med deg?2
Spådama i 7B0
Jeg er Leona3
Svar totalt: 12