Ny norsk rekord i vinter-OL

Aldri før har norske utøvarar tatt så mange gullmedaljar i eit vinter-OL som i år. Utøvarane våre stoppa på totalt 16 gull frå Beiling 2022.

Med gullet på fellesstarten i skiskyting fredag, kunne Johannes Thingnes Bø jubla for Noreg sin 15. gullmedalje i årets vinter-OL.

For hans eigen del, tok han sitt fjerde gull og sin femte medalje under årets leikar.

To dagar seinare, segla Therese Johaug inn til Noregs 16. gullmedalje på 30 km, og avslutta dermed OL på en fantastisk måte for Noreg.

Jublande med norsk flagg avsluttar Therese Johaug OL-karrieren sin med å vinna gull på 30 kilometeren under vinter-OL i Beijing 2022. Foto: Heiko Junge / NTB

Verdas beste olympiske nasjon

Gullet til både stryningen og Noregs langrenndronning var med på å setta ein ny rekord. For aldri før har ein nasjon tatt så mange gull i eit enkelt vinter-OL!

Viss me ser på det siste året samanlagt, har vesle Noreg tatt 20 medaljar i OL. VG meiner at det gjer landet vårt til verdas beste olympiske nasjon i forhold til folketalet.

Les også: Tidenes nest beste OL-dag for Noreg

Forrige rekord frå 2014

Forrige rekord var 14 gullmedaljar. Canada hadde rekorden frå OL i Vancouver, til Noreg kunne klatra opp og dela førsteplassen etter OL i Pyeongchang i 2018.

Dette er gullvinnarane frå vinter-OL i Beijing: 

  • SKISKYTING: Johannes Thingnes Bø, 10 km Sprint
  • SKISKYTING: Johannes Thingnes Bø, 15 km Fellesstart
  • SKISKYTING: Marte Olsbu Røiseland, 7,5 km Sprint
  • SKISKYTING: Marte Olsbu Røiseland, 10 km Jaktstart
  • SKISKYTING: Stafett for kvinner 4* 6 km
  • SKISKYTING: Stafett for menn 4 * 7,5 km
  • LANGRENN: Johannes Høstflot Klæbo, Sprint fri teknikk
  • LANGRENN: Therese Johaug, 2*7,5 km Skiathlon
  • LANGRENN: Therese Johaug, 10 km Klassisk
  • LANGRENN: Johannes Høstflot Klæbo/Erik Valnes, Lagsprint Klassisk
  • LANGRENN: Therese Johaug, 30 km
  • KOMBINERT: Jørgen Graabak, Stor bakke / 10 km
  • KOMBINERT: Lag Normalbakke / 4*5 km
  • SKØYTER: Lagtempo
  • FREESTYLE: Birk Ruud, Big Air
  • HOPP: Marius Lindvik, Stor bakke