Den olympiske elden til OL i Paris er tent

Elden blei tent i Olympia i Hellas.

Det var i Olympia dei første olympiske leikane blei halde i år 776 før vår tidsrekning. Før kvart OL, blir den olympiske elden tent i ein seremoni for å minne om dette. Elden er eit symbol på fred.

Til sommaren er det OL i Paris. Då den olympiske elden blei tent i Hellas tysdag denne veka, deltok fleire skodespelarar i ein seremoni som skulle vise korleis det var under antikken, skriv CNN.

SEREMONI: Skodespelarane dansa under seremonien tysdag 16. april. Foto: Petros Giannakouris / AP Photo / NTB

Elden vil no bli bore rundt i Hellas i ein fakkel fram til 26. april. Fakkelen vil bli bore av over 600 menneske på reisa gjennom Hellas. Både sportsutøvarar og vanlege folk får vere fakkelberarar.

FAKKELBERARAR; Den første greske fakkelberaren, Stefanos Douskos, gir den olympiske elden til den første franske fakkelberaren, Laure Manaudou på tysdag. Foto: Thanassis Stavrakis / AP Photo / NTB

Når reisa gjennom Hellas er slutt, får dei som skal lage OL i Paris, fakkelen. Dei som skal lage OL i Paris, tar med den olympiske elden på ein båt til Frankrike. Elden kjem til Frankrike 8. mai. Deretter skal 10 000 fakkelberarar frakte fakkelen til Paris 26. juli.

Når dei olympiske leikane er over to veker seinare, blir den olympiske elden slokka.