Cricket kan bli OL-øving i 2028

Dei olympiske leikane i Los Angeles i 2028 kan få fem nye idrettar.

Denne saka vart fyrst publisert på Framtida.no.

Arrangørane til OL i 2028 har sagt at dei ønsker å inkludera cricket, flaggfotball (ein slags mildare variant av amerikansk fotball), lacrosse, squash og baseball/softball på programmet.

Forslaget skal vurderast av den internasjonale OL-komiteen (IOC) i haust.

  • Squash, lacrosse og flaggfotball har aldri før vore greiner i OL.
  • Cricket var inkludert i OL éin gong – i år 1900.
  • Baseball har vore med ei rekke år, men vart utelaten i OL i Paris i 2024.

– Oppglødde

Det internasjonale cricketforbundet (ICC) gler seg over avgjerda frå arrangørane i Los Angeles.

– Vi er oppglødde over at LA28 har føreslått å inkludera cricket i OL. Sjølv om dette ikkje er den endelege slutninga, er det eit veldig tydeleg landemerke på vegen mot å sjå cricket i OL for første gong på meir enn hundre år, seier ICC-leiar Greg Barclay i ei pressemelding.

Utviklinga skjer medan verdsmeisterskapet i cricket vert arrangert i India 5. oktober til 19. november.

Cricket har sitt opphav i søraust-England, og sporten vart spreidd i lag med utvidinga av det britiske imperiet. Han er særleg populær i Sør-Asia, sørlege Afrika og Oseania. Australia har hatt størst suksess i internasjonale cricket-tevlingar.