Tidenes nest beste OL-dag for Noreg

Noreg er i ein eigen klasse til no i OL og ledar medaljeoversyna klart føre Tyskland og USA.

Noreg står med 12 gull, 7 sølv og 7 bronse når det er fem dagar att av OL.

Berre i dag, tysdag, har dei norske utøvarane tatt tre gull og to sølvmedaljar i Beijing. Det er tidenes nest beste OL-dag for Noreg.

Rekorden kom i OL i Pyeongchang i 2018 då Noreg tok tre gull, to sølv og ein bronse, skriv NRK.

Følgjer du med på OL? Sjekk kva du veit om vinter-OL i denne kvissen.