Iguanar sovnar av kulden og fell ned frå trea i Florida

Denne karen fekk seg eit ublidt møte med bakken i Florida. Grunnen? Det er så kaldt at iguanane blir bedøvde og fell ned frå trea.

I Sør-Florida nådde temperaturane nyleg -4 grader celsius. Dette er uvanleg kaldt for den amerikanske solskinnsstaten, og byrådet har uttalt at det er ein av dei kaldaste temperaturane i området på meir enn ti år.

Kulden har påverka mykje. Eit dyr som særleg har fått kjenna kulden på kroppen, er iguanane, skriv BBC.

Mistar taket og ramlar ned frå trea

Iguanane er kaldblodige dyr. Det betyr at dei er heilt avhengige av sola og naturleg varme frå omgivnadane sine for å halda varmen. Blir det for kaldt, kan dei frysa og hamna i koma.

Fleire av iguanane som koplar av oppe i trea i Florida, har dermed fått seg eit ublidt møte med bakken. Når dei blir kalde nok, mistar dei taket og ramlar ned. 

GIF: giphy.com

«Tinar» i sola

Heldigvis har dei fleste iguanane komme frå det med livet i behald.

Sjølv om dei har hamna i koma, har dei halde dei vitale organa sine i gang. Då sola etter kvart kom tilbake, «tina» kroppane deira og kroppstemperaturen steig. Litt etter litt kjem dei seg til att, og kan slik gå tilbake til sitt avslappande liv i toppen av trea.

Fleire ekspertar var ute og advarte folk om å ta med seg iguanane inn i varmen. Dei rare dyra er nemleg ikkje alltid like vennlege.