Ny verdsrekord: Dette er den yngste kvinna som har floge rundt jorda åleine

Fem månader etter at ho flaug av garde i august 2021, har Zara Rutherford greidd målet sitt.

I september skreiv me om tenåringen Zara Rutherford som ville bli den yngste kvinna som nokon gong har floge rundt jorda åleine.

No kan ho stryka målet av lista – for ho greidde det!

Torsdag denne veka var ho tilbake i Belgia med det spesiallaga flyet sitt, Shark, som er ultralett, skriv BBC Newsround. Det er 155 dagar etter at ho tok til på den strabasiøse ferda i august 2021, og i løpet av desse dagane har ho besøkt nesten 50 land, som inkluderer USA, Grønland, Russland og Sør-Korea.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Zara Rutherford (@fly.zolo)

Hatt ein draum

– Dette er berre veldig sprøtt, eg har ikkje tatt det heilt innover meg enno. Eg gler meg til å fortelja folk om erfaringane mine og oppmuntra dei til å gjera noko sprøtt med livet sitt, sa Zara då ho landa og innsåg at rekorden var hennar. 

19-åringen kjem frå ein familien full av pilotar, og vart nok påverka av det då ho byrja med flyging i ein alder av 14 år. I 2020 tok ho flygarsertifikatet.

– Eg har heile livet hatt ein draum om å flyga eit fly rundt jorda. Men eg trudde det berre var ein galen idé, og eg har nok alltid trudd at det ville vera umogleg å få til, seier ho.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Zara Rutherford (@fly.zolo)

Vil inspirera andre jenter og kvinner

Nettopp dette gjer nok kjensla av å ha fått det til ekstra deilig. No håpar den unge flygaren at bragda hennar vil inspirera andre jenter og kvinner til å studera realfag.

– Då eg vaks opp, var det ikkje mange kvinnelege pilotar og dataforskarar å sjå opp til. Dette er to av lidenskapane mine. Derfor ville eg flyga rundt jorda, og forhåpentlegvis få andre jenter til å sjå på meg, og få dei til å tenkja at «Hei – eg vil gjerne gjera det samme ein dag!».