Fekk du med deg desse sakene i 2021?

2021 er straks forbi – og det er eit år som har bydd på mange spennande saker for Framtida Junior. Dette er sakene redaksjonen hugsar best.

Døyping i bobleslurp: Nils syntest at det var kjempekjekt å få intervjua Arild Midthun, som er den einaste norske donald-teiknaren. Då han var på besøk, fekk Nils døypa kirsebærtreet til Midtun. – Me døypte det i bobleslurp. Og så gav me det namnet Della, som er namnet til søstera til Donald. Foto: Privat

Fekk draumejobben

I sommar snakka me med Nils (12) som var i ekstase fordi han hadde landa draumejobben. Han var nemleg plukka ut til å bli gjesteredakør i Donald Duck & co. 

– Det er veldig kjekt å ha Nils her hjå oss. Eg hadde sett pris på å ha han her heile tida, sa Marius Horn Molaug, som er den faktiske redaktøren for Donald-bladet.

Klem eit tre: Kan du ikkje klemma eit menneske, kan du klemma eit tre! Forskning har vist at det faktisk kan gi deg betre mental helse.

– Ein god klem gjer at du føler deg trygg

Også 2021 har vore eit år der me har måtta forholda oss til korona-pandemien. På seinsommaren var me inne i ein god periode, og nesten halvparten av alle nordmenn at dei har gitt ein klem til nokon dei ikkje budde saman med.

Tre av desse var fjerdeklassingane og Oslo-jentene Erle, Maya og Marla, som Framtida Junior møtte i september.

– Når pandemien kom, vart det pause på klemminga. Så vart det ein rutine at me ikkje skulle klemma så mange. Eg hugsar at eg sakna det litt, for ein god klem gjer at du føler deg trygg, sa Erle.

TRYGG OPPVEKST: Loke er ein malinois hannhund, som er fødd 10. mars i år. Han kjem frå Sverige, der han hadde ein trygg og god oppvekst hjå oppdrettaren sin som driv profesjonelt med oppdrett av teneste- og konkurransehundar. – Starten på Loke sitt liv gav han eit solid grunnlag, då han som åtte veker gamal valp vart sendt ut i den store verda, seier Marie. Alle foto: Privat

Ein kosete politihund

Har du nokon gong lurt på kva som skal til for at ein hund blir politihund? Det fekk me svar på då me snakka med politibetjent Marie i november.

Ho er nemleg ansvarleg for Loke (1) som studerer for å bli politihund. Marie kunne mellom anna røpa at Loke hadde bestått den frykta mentaltesten, og at han viste gode teikn på at han kjem til å bli ein god politihund.

– Dei må takla forskjellige typar miljø og reagera rett på ein trussel. Og så må dei vera stabile og trygge – og det er Loke, sa Marie.

SKREIV OPPGÅVE: Marielle bestemte seg for å skrive ei skuleoppgåve om korleis gutar snakkar til jenter.

Blei kalla «jævla hore»

Då ein gut kalla Marielle Rodrigues (13) for «jævla hore» fordi ho hadde på ei kort t-skjorte blei ho redd og usikker på kva klede ho kan ha på seg.

– Det er ekstremt skummelt at det er blitt normalt at gutar snakkar slik til oss jenter, sa ho.

Marielle er oppteken av at gutar som seier slikt må forstå at desse orda kan få store konsekvensar for jentene.

– Slikt kan henga ved oss jenter inn i vaksenlivet, sa ho.

GJENBRUK: – Eg byggjer båtar av pizza- og makaroniesker, fortel Jo. Foto: Privat

Lagar modellbåtar av pizza- og makaroniesker

I 2019 møtte Jo Juell-Andersen (12) og far hans ein mann på brygga i Sandefjord. Mannen viste dei ein pappmodell av eit skip han hadde laga. Han tok bilete av modellen saman med skipet som låg ute i fjorden.

Det inspirerte Jo til å byggja sin fyrste modellbåt – og etter det har han laga minst 20 til.

– Eg bygde dei av pizza- og makaroniesker. Eg måla med heilt vanleg akrylmåling, og brukte nokre trebitar og sugerøyr som pipe, fortalte Jo.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Å vinna valet var kjempestas!

– Eg trur me kan få til masse fint for landet vårt i åra som kjem, sa Jonas Gahr Støre då han blei Noregs nye statsminister i september.

– Eg vart veldig glad og er stolt av alle dei i heile landet som har jobba så mykje for at Arbeidarpartiet skulle vinna, og at folk skulle gje oss stemma si, seier han.

Framtida Junior spurte om kva endringar han vil gjera først med tanke på barn og unge.

– Eg vil jobba for at det blir eit meir rettferdig samfunn som gir alle like moglegheiter, det er bra for både vaksne og barn. Viss eg skal trekkja fram noko som særleg barna vil merka, er det at me vil ha fleire lærarar med betre tid til kvar enkelt elev, fortalte han.

Ylva Schmidt-Tjøstheim vann skrivekonkurransen til Framtida Junior med eit lesarbrev om brillestøtte til barn. Foto: Privat

Håpar på brillestøtte til barn

Ylva Schmidt-Tjøstheim (9) har brukt briller sidan ho var fire år. Ho synest det er urettferdig at nokon barn ikkje kan gå på aktivitetar fordi dei er redde for brillene sine. For eitt år sidan las ho om Ruby som skreiv brev til statsministeren om brillestøtta.

I haust vann Ylva i skrivekonkurransen vår med eit innlegg om nettopp brillestøtta til barn. Innlegget kan du lesa her!

FULL KONTROLL: Filip Lups, Lisa Risnes, Malene Hansen og Leah Nerhus Bjelland er bibliotekarar på skulebiblioteket til Sagvåg skule. Alle foto: Svein Olav B. Langåker

Styrer biblioteket

I november kunne me fortelja om Filip, Lisa, Leah og Malene som styrer skulebiblioteket på Sagvåg skule på Stord. 5. klassingane måtte søka på jobben som skulebibliotekarar. No får dei vera med på å bestemma kva bøker som skal kjøpast inn.

Kanskje ein idé for skulen din også? Les meir her!

MATREDDAR: Susanne Nesse er matreddar i sosiale medium. Foto: TikTok

Susanne reddar mat på TikTok

Susanne Nesse er matreddar i sosiale medium.

– Målet er å inspirera så mange som mogleg til å bli matreddarar, sa ho då Framtida Junior snakka med ho i september.

Veit du at opptil ti prosent av klimautsleppa i verda kjem frå matsvinn? Her kan du lesa intervjuet med Susanne og få tips til korleis du kan ta vare på maten!