Framtida Junior er Årets Nynorskbrukar!

- Utruleg stas å bli heidra og verdsett på denne måten, seier Svein Olav Langåker, som er redaktør i Framtida Junior.

Nynorsk kultursentrum har delt ut prisen til personar og organisasjonar som arbeidar for å fremja nynorsken sidan 2000.

– Framtida Junior får prisen for å bryta veg for meir nynorsk i digitale medieflater, med varierte emne for 7-13-åringar, seier styret i Nynorsk kultursentrum

Framtida Junior-redaksjonen er takksame for å få denne prisen.

– Det er veldig motiverande for å halda fram med å gje eit godt nynorsktilbod til barn og unge, fortel Framtida Junior-redaktøren.

Minner frå det siste året

Vidare i saka kan du lesa eit par av sakene me er ekstra stolte over frå det siste året.

Gut med raudt hår sit på ein benk foran grøntområde
Benjamin Lau-Henriksen (15) er ein transgut. Det vil seia at han vart kalla jente då han var liten, men når han vaks opp, innsåg han at han var gut. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Benjamin kan leva som den han er: – Eg føler meg friare

Då Benjamin innsåg at han var gut, heldt han det først heilt hemmeleg. Men no smiler han meir enn før.

Les meir av historia til Benjamin her.

Gut sit i rullestol foran grasplen og gule hus
KJEKT: Martim Santos (10) syntest det var kult å oppdaga ein idrett som han kunne bli god i.

Martim (10) kjende seg utanfor og lei seg. Så oppdaga han ei ny moglegheit

Medan dei andre i klassen spelte fotball, sat Martim Santos på sidelina. Men no har han funne ein idrett som han kan verta skikkeleg god i.

Les meir om Martim her.

Jente held ein liten krabbe på ei strand foran vatn og fjell
STRAND: Ella Vatne Steinholt likar å gå på stranda og sjå på sjøstjerner eller plukka krabbar. Foto: Privat

Ella (7) sende brev til statsministeren

Det er altfor dyrt med hus, meiner Ella Vatne Steinholt. No ber ho statsministeren ta grep.

Les vidare om brevet Ella skreiv til statsministeren her.

Fire barn står foran stort bilete av myntar
PENGAR: Helene Støle (11), Niayesh Wahedi (11), Even Bergesen (11) og Jimmy Bakke (11) vil gjerne læra om pengar og økonomi på skulen.

Ønskjer å læra meir om pengar på skulen

Personleg økonomi har kome på pensum, men både fleire elevar og bankar kunne ønskt at det var endå meir.

Les heile saka om økonomiundervisning på skulen her.

Kunnskapsminister Tonje Brenna meiner at både skulen og foreldre må læra barn om personleg økonomi.

Les svaret frå kunnskapsministeren her.

Blond gut med briller foran grøntområde
PSYKISK HELSE: Bjarte Tjensvoll oppretta Unge i Psyken for å ta tak i psykisk helse i skulen. Foto: Privat

Bjarte (15) jobbar for betre psykisk helse i skulen

Det er viktig at alle har nokon å vera i lag med, seier Bjarte Notland Tjensvoll.

Les meir om kva Bjarte gjer for å betre psykisk helse i skulen.

Gut står foran eit tre
Miljøagent: Emanuel Smári Nielsen (15) er miljøagent og leiar av Barnas klimapanel. Foto: Miljøagentane/Wanda Nordstrøm

Meiner politikarane gjer for lite: – Krystallklar og knusande dom frå barn og unge

Dei aller fleste barn og unge i Noreg er misfornøgde med korleis politikarane tek tak i klimakrisa. Det kjem klart fram i ei ny undersøking.

Les vidare om kva miljøagentane meiner her.