Anders Totland: – Tenk om barna mine tar hemn?

Anders Totland har skrive ei bok om barn som tar hemn på foreldra sine.

Om boka «Mamma på dass»
  • Anders Totland er forfattaren av boka.
  • Anders meiner boka er retta mot 9–13-åringar.
  • Boka følger Ella og Omar, som nettopp vart tretten år.
  • Ella og Omar lagar sosiale medium-kontoar, sidan dei er gamle nok.
  • Ella oppdagar at foreldra hennar og Omar sine foreldre har lagt ut bilete av Ella og Omar gjennom heile oppveksten.
  • Mora til Ella er til og med influensar og har 70 000 følgjarar.
  • Ella og Omar bestem seg for å ta hemn.
  • Dei opnar ein Instagram-konto med brukarnamnet «Mamma på dass».
  • Dei tar bilete av foreldra sine når dei gjer noko flautt, som til dømes å gå på do, pille seg i nesa, eller bøye seg i rare vinklar.
  • Bileta av foreldra er anonyme, så folk kjenner dei ikkje att.
LES FAKTALUKK FAKTA

Mamma på dass er namnet på boka, og ho handlar om ei jente og ein gut som nettopp har blitt tretten. Det betyr at dei endeleg kan laste ned og skape brukarar for sosiale medium.

Låg på sofaen då tanken slo til

Anders kom på ideen om barn som tar hemn på foreldra sine då han las ei anna barnebok.

– Eg låg på sofaen då tanken plutseleg slo meg: kva om desse ungdomane i huset mitt plutseleg oppdagar kva eg har drive med i alle år? Alt eg har skrive og lagt ut på nett? spurde Anders seg sjølv.

Han tenkte på alle dei vala som foreldre tar på vegne av barna sine.

– Vi tar ein heil drøss med val som på ein eller annan måte påverkar barna våre, seier Anders, som er far til tre.

Men ikkje berre er han far, han er òg ein son. Og han veit at det fanst val hans foreldre tok som påverka han, som han ikkje er så imponert over i etterkant.

– Tenk om det er sånn med mine barn, og at dei tar hemn?

Anders med boka si. Foto: Anders Totland

Skreiv utruleg mykje dumt på Facebook

Anders meiner at det blir mykje prat frå vaksne om kva som er lurt å leggje ut på sosiale medium i dag.

– Grunnen til at vi seier til barna våre at dei må ta gode val på sosiale medium, er fordi vi skreiv utruleg mykje dumt på Facebook, og har erfaring med å ta dårlege val, seier Anders.

Men Anders tykkjer barn no til dags tar mykje lurare val enn det folk gjorde rundt 2010.

Sette ikkje opp feller i huset

Ein ting som Anders er litt bekymra for når det kjem til boka si, er at vaksne ikkje skal la barna lese den.

– Det har allereie blitt kviskra i øyret mitt frå ein bibliotekar om ein rektor som sa at denne treng vi ikkje ha på skulen vår, fortel Anders.

Han er forundra over at folk framleis har tankar om at barn blir så påverka av det dei ser og les, at dei kan finne på å kopiere det.

Foto: Atle Helland

– Eg såg filmen Home Alone kvar jul som barn, men eg har aldri sett opp feller i huset. Ikkje har eg brent ein vaksen i hovudet med strykejern heller, seier han.

Men han trur òg at om nokre barn blir fortalde at dei ikkje får lov til å lese boka, så er det større sjans for at barna les boka.

Vil at unge skal stille pinlege spørsmål

Mamma på dass har fleire ulike uttrykk. Dei kan føre til at unge stiller spørsmål til vaksne. Spørsmål som dei vaksne kan syns er pinlege!

– Eg trur det er den einaste boka i verda som nyttar dei tre uttrykka «å salige såpekokar», «fy flate, karate» og «Milf», seier Anders.

Men for Anders er jobben gjort, dersom barn og tenåringar stiller spørsmåla som lærarar og foreldre kan oppfatte som pinlege.

Anders gler seg over at lærarar skal lese boka høgt i klassen. Foto: Atle Helland

Årets flauaste barnebok

Og så er det ein ting til Anders må seie ifrå om.

– Denne boka er full av teit pappahumor, seier han.

Han opplever at pappahumor blir tatt overraskande bra imot av barn. Og ikkje naudsynt «bra» på ein positiv måte.

– Det betyr ingenting for meg om ungen som les det ler hjarteleg fordi dei tykkjer det er dødsgøy, eller om dei ler med puta foran ansiktet for dei tykkjer det er så kleint. Det er same verdi for min del, seier Anders.

Derfor tykkjer Anders òg at det er ein vakker tanke at boka blir lese høgt av lærarar.

– Det er trass alt årets flauaste barnebok, seier Anders, før han legg til: – Det er eg nesten heilt sikker på.