Loke studerer for å bli politihund

Viss alt går etter planen, er Loke ferdig utdanna om halvtanna år. Då skal han mellom anna beskytta politiet og hjelpa dei med å finna folk som har gått seg vill.

MÅ FÅ OPPLEVA OG UTFORSKA: Det er viktig at ein hund som veks opp for å bli politihund, får vera med på alt. – Skog, by, land, vatn og alt ein kan finna av miljø må opplevast og utforskast, seier Marie.

Har du nokon gong lurt på kva som skal til for at ein hund blir politihund?

Framtida Junior har tatt ein prat med politibetjent Marie Sandberg som er ansvarleg for at den sju månader gamle malinoisen Loke blir ein skikkelig god politihund.

Nettopp det er ikkje berre-berre – for det er mykje som krevst for for å komma gjennom nålauga.

– Mellom anna må hunden vera glad i folk og ikkje bli redd for menneske eller plassar. Dei må ha lyst til å søka etter noko, om det så er menneske eller ting. Dei må takla forskjellige typar miljø og reagera rett på ein trussel. Og så må dei vera stabile og trygge – og det er Loke, seier Marie.

LIVET ER EIN LEIK: Loke, kompis og tjenestehud Ibbo og Marie leikar masse kvar dag. – Eg snik inn nokre øvingar som Loke nesten ikkje merkar. Han berre leikar og har det gøy og plutseleg forstår han at det er noko han kan gjera som vil utløysa endå meir leik, seier Marie. Eit døme er å setja seg på plass.

Deler ut nuss i hytt og gevær

Ho omtalar kompisen sin som ein veldig artig fyr, og ein type som er glad i folk.

– Han synest alt er moro og stas. Han er snill, tillitsfull og lojal. Og så er han lynkjapp. Alt skjer i ein slik fart, at av og til henger ikkje hundeførar med, seier ho.

Noko anna han også likar, er kos. Å få litt massasje på brystet og på låra, ja – det er digg!

– Elles deler han ut nuss, og det skal helst nussast midt i ansiktet. Me jobbar med å halda alle fire beina på bakken når me helsar på andre, men det er veldig freistande å hoppa og spretta i rein fryd, seier Marie.

Men det er ikkje berre kos i Loke sitt liv. Før han i det heile tatt kunne starta treninga for å bli politihund, måtte han gjennom den frykta mentaltesten. Den viser om hunden faktisk kan bli politi.

PATRULJEHUND: Når Loke er ferdig med utdanninga si, kjem han til å vera patruljehund i Oslo politidistrikt. Der kan han hjelpa politifolka med mykje forskjellig, som mellom anna å hjelpa i søk etter sakna menneske. Oslo-hundane har også kompetanse på noko som blir kalla USAR. – Det går ut på å søka etter folk i samanrasa bygg, ras og liknande. Loke viser veldig gode tendensar her. Han er ikkje redd for å gå nokon plass, seier Marie.

Likte ikkje Hufsa

– I testen måtte Loke visa at han ville leika med føraren, at han kunne søka etter ting i skogen, at han var nysgjerrig og at han turte å sjekka ut ting sjølv.

Han måtte også helsa på ein rar kjelke, som kan vera litt skummel for hundane.

– Kjelken som liknar på Hufsa i Mummitrollet, kjem på eit tidspunkt sakte mot hunden. Då skal hunden stå imot og ikkje falla for freistinga til å flykta. Loke bjeffa litt og sa klart frå om at han ikkje likte Hufsa, men han vika aldri. Akkurat dette ønskjer me å sjå, seier Marie.

Nokre kan kanskje tenka at politihundar er skumle hundar. Det kan Marie avkrefta. 

– Det dei treng, er evna til å sjå at noko er ein trussel. Og når ein står ovanfor ein trussel, DÅ må ein kunna vera litt skummel, seier ho og legger til:

– Det beste er å henta fram evna til å vera skummel berre når det trengst. Det same gjeld for politifolk. Dei må òg kunna vera litt skumle, men som regel er det best å vera hyggeleg.

Fakta om Loke:

?️ Beste avkopling:

Loke likar å kopla av med eit stoooort tyggebein. Om natta søv han i buret sitt, som fungerer som hula hans. Visste du at hundar eigentleg er huledyr, fordi dei stammar frå ulvar? Inne i hola er det varmt, trygt og godt. Det er berre Loke der og ingen forstyrringar – derfor kan han senka skuldrane heilt og berre sova.

? Yndlingsmat:

Loke elskar mat, og et alt han kan få tak i. Men han får mest hundemat, slik at han ikkje skal få vondt i magen.

? Yndlingsleika: 

Yndlingsleika til Loke er Kong. Det er ein morosam ball med snor, som han kan springa etter og som han kan ta med inn til Marie. Han er kjempeglad i å halda i Kongen medan Marie dreg i tauet. Dette blir kalla for kampleik, og det er det beste Loke veit.

? Forbilde: 

Loke har mange forbilde i kvardagen. På Hundetjenesten er han omgjeven av vaksne patruljehundar. Han ser på dei med stjerner i blikket og tenker at «ein dag – då er det meg».