Jonas Gahr Støre: – Å vinna valet var kjempestas!

– Eg trur me kan få til masse fint for landet vårt i åra som kjem, seier Jonas Gahr Støre. Leiaren i Arbeidarpartiet blir Noregs neste statsminister.

Vår travle nye statsminister er takksam for å få sjansen til å leia landet dei neste fire åra.

– Eg vart veldig glad og er stolt av alle dei i heile landet som har jobba så mykje for at Arbeidarpartiet skulle vinna, og at folk skulle gje oss stemma si, seier han.

Me spør kva endringar han vil gjere først med tanke på barn og unge. 

– Eg vil jobba for at det blir eit meir rettferdig samfunn som gir alle like moglegheiter, det er bra for både vaksne og barn. Viss eg skal trekka fram noko som særleg barna vil merka, er det at me vil ha fleire lærarar med betre tid til kvar enkelt elev, fortel han. 

Satsar på utlån

Han har også planar om å laga utlånssentralar i heile landet – der alle kan låna syklar, ski, innebandykøller og anna sportsutstyr heilt gratis.

– Då slepp ein å kjøpa alt mogleg sjølv, seier han.

I tida før valet har Jonas fleire gonger sagt at klimakrisa blir ei av dei største sakene den nye regjeringa må ta på alvor. 

– Me må byrja å jobba med å kutta klimagassutsleppa raskare enn me gjer no. Som du skjønar, er det mykje me skal få til! Eg er utolmodig og gler meg!

Gode førebilete

I talen din takka du Erna Solberg for jobben ho har gjort – og gav ho skryt og fine ord. Kva tenkjer du om det?

– Eg sa det fordi eg meinar det: Erna Solberg har jobba hardt og gjort ein fantastisk jobb for landet vårt. Eg tenkjer at me som politikarar kan vera gode førebilete for andre, og då er kva me seier til kvarandre, viktig.