Ylva (9): – Briller bør bli gratis for barn

Ylva Schmidt-Tjøstheim har brukt briller sidan ho var fire år. Ho synest det er urettferdig at nokon barn ikkje kan gå på aktivitetar fordi dei er redde for brillene sine.

– Eg meiner at briller bør bli gratis i Noreg for barn som treng briller, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.

I fjor kutta Erna Solberg-regjeringa brillestøtta til barn med 160 millionar kroner. Det blei ei maksgrense for kor mykje støtte ein kunne få til briller.

– Eg synest det var veldig dumt, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.

Les lesarinnlegget som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior her.

– Urettferdig

Ho synest det er urettferdig at fleire barn ikkje gjera akkurat det dei vil på skulen og fritida fordi dei er redde for å øydelegga brillene sine.

– Dette er ei viktig sak for familiar og barn i Noreg, og eg håpar den nye regjeringa vil gjera noko med denne saka, seier ho til Framtida Junior.

Må venta

Den nye regjeringa har lova å gjera noko med saka. Men då dei la fram sitt forslag til endringar i statsbudsjettet sist veke, så hadde dei ikkje sett av pengar til brillestøtte.

– Me ønsker å bruka litt meir tid for å finna ei løysing som kan vara lenger. Det fekk me ikkje gjort på dei par vekene me har fått jobba med budsjettet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

– Eg håpar det ikkje tar så veldig lang tid å venta, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.

Les også: Ruby (8) skreiv til statsministeren – fekk svar