Jo (12) lagar modellbåtar av pizza- og makaroniesker

I 2019 møtte Jo og far hans ein mann på brygga i Sandefjord. Mannen viste dei ein pappmodell av eit skip han hadde laga. Han tok bilete av modellen saman med skipet som låg ute i fjorden. Det inspirerte Jo til å byggja sin fyrste modellbåt – og etter det har han laga minst 20 til.

– Eg gjer det fordi det er gøy å driva med. Eg er veldig interessert i skip, fortel Jo Juell-Andersen som bur på Hamar. Der er det ikkje skip i sikte, men ei reise til Sandefjord skulle vekkja interessa for modellbåtar for Jo. På brygga i Sandefjord møtte han ein eldre mann som fortalte om si interesse for modellbåtar. 

Saka held fram under bilete.

STOR UTSTILLING: Jo har bygd meir enn 20 modellbåtar. Alle har fått ein plass på rommet hans. Foto: Privat

– Pappa og eg snakka lenge med han om båtane han byggjer – og me reiste på besøk til han i haust, fortel Jo. 

Då Jo kom heim starta han raskt å byggja sitt eige skip – ein modell av ein båt som heiter Melodia. 

Brukar gamle esker

– Eg bygde det av pizza- og makaroniesker. Eg måla det med heilt vanleg akrylmåling, og brukte nokre trebitar og sugerøyr som pipe, fortel Jo.

Då han var ferdig å byggja båten, sendte han eit bilete til rederiet. Det er bedrifta som eig skipet. 

Saka held fram under bilete.

DETALJAR: Jo er veldig nøye med detaljane på båtane han lagar. Foto: Privat

– Då fekk eg eit brev frå kapteinen tilbake – og han inviterte meg på besøk. Eg fekk også ei eske som full av reklameartiklar frå reiarlaget i Estland. Inni eska låg det også eit kort frå direktøren. Det var veldig motiverande og gøy at dei la merke til bilete eg sende – og at dei sette så stor pris på det at dei sende meg ei gåve, fortel Jo. 

Meir enn 20 båtar

Sidan 2019 har han laga heile 20 båtar som står til utstilling heime på rommet. 

– Eg byggjer litt her og der – og eg tek gode pausar innimellom. Men, eg brukar nok ein del tid. Akkurat no held eg på å laga ei ferje som heiter Skånevik. Og ei kvalfangstskute. Eg har gjerne fleire prosjekt samstundes, fortel han. 

I år reiste Jo og faren på gutetur til Eidsfjord for å sjå Skånevik-ferja. 

– Der møtte vi ein i ferjelaget som tok oss med for å sjå nærmare på ferja. Det var spennande å sjå den på nært hald, fortel Jo.

Detaljane er viktige

Det er ingenting å seia på detaljane i modellbåtane han lagar. I Skånevik-ferja har han til og med laga tregolv – slik det er i originalen.

Saka held fram under bilete.

SKÅNEVIK: – Akkurat no held eg på å laga ei ferja som heiter Skånevik, fortel Jo. Foto: Privat

– Eg brukar gjerne YouTube for å sjå på detaljane på skipa eg vil byggja. Eg googlar etter bilete, eller pausar YouTube-videoar for å sjå nøye på bileta. Det er viktig for meg at detaljane er så verkelege som mogleg, fortel han.

Jo kjenner ikkje nokre andre på sin eigen alder som byggjer modellbåtar slik han gjer.

– Ingen av venene mine driv med det, men det går heilt fint. Eg går på andre fritidsaktivitetar ilag med dei. For eksempel tricking, fortel han.