Dette er dei mest lesne sakene på Framtida Junior

Intervju med skodespelarar frå «Kristiania Magiske Tivolitheater», skuleoppgåver om korleis gutar snakkar til jenter, kven som er årets BlimE!-artist og rettane til skilsmissebarn.

Det er noko av handlinga i dei mest lesne sakene på Framtida Junior i år.

Dersom du lurer på kva saker som er på topp hjå oss i år, treng du ikkje leita lenger. Me har nemleg samla saman dei ti best lesne sakene våre til deg.

Har du gått glipp av nokre av dei, får du altså ein ny sjanse no!

Topp ti mest leste saker:

10: Bjørneparken har opna «Dinosauria»: – Me ville gjera det skikkeleg

Det er ikkje kvar dag ein får moglegheit til å oppleva dinosaurane i ekte storleik – og med ekte lydar og ekte rørsler. Det ville Bjørneparken gjera noko med då dei opna utstillinga «Dinosauria» i sommar. Les saka her.

Kongen av dinosaurane: T. rex er ein sjølvskriven deltakar i ei dinosaur-utstilling. Foto: Bjørneparken

9: Dette gjorde Marielle (13) då ho blei kalla «jævla hore»

Då ein gut kalla Marielle Rodrigues «jævla hore» fordi ho hadde på ei kort t-skjorte, blei ho redd og usikker på kva klede ho kan ha på seg. Ho bestemte seg for å skriva ei skuleoppgåve om korleis gutar snakkar til jenter. Les saka her og teksten hennar her.

8: Maya (13) elskar å spela rolla som modige Tara i Nødt eller Sannhet

NRK-serien Nødt eller Sannhet set fokus på tvangstankar. Maya (13) synest det er veldig bra, og fortalde Framtida Junior at det er fint om alle opnar seg meir opp om korleis dei har det inni seg. Les saka her.

7: Lukas (11) har hovudrolla i den nye kalendaren på NRK: – Sjåarane burde gle seg

Berre nokre få veker før innspelinga starta, landa Lukas Langmyr Mabin (11) hovudrolla i «Kristiania magiske tivolitheater». Han gleda seg stort til å høyra kva sjåarane kom til å tenkja om serien, då me snakka med han i november. Les saka her.

BESTE MINNE: Lukas beskriv første innspelingsdag av «Kristiania magiske tivolitheater» som noko heilt spesielt: – Eg hadde aldri sett alle desse menneska og eg visste ikkje kva eg skulle. Eg var sjenert og det var rart å bli filma. Når eg tenkjer på det det no, er det det beste minnet frå innspelinga, seier han. Foto: Julianne Leikanger/Monster

6: Kva parti trur du at du er mest enig med?

I forkant av Stortingsvalet i haust, brukte mange av lesarane våre Barnas Valgomat for å sjekka kva parti dei var mest enig med. Les saka og ta valgomaten her. 

5: Berre èin fotballspelar er verdt meir pengar enn Braut Haaland

Erling Braut Haaland har på kort tid blitt ein av dei viktigaste fotbalspelarane i verda. Tidleg i 2021 fann eit analyseselskap ut at nordmannen var verdt heile 1,57 milliardar kroner. Les saka her. 

4: Viljar (14) spelar hovudrolla som populære Daniel i Nødt eller Sannhet

I NRK-serien Nødt eller Sannhet spelar Viljar rolla som Daniel – guten som bestevenninnene Sanne og Tara er forelska i. Han fortalde oss at han er ganske annleis enn Daniel. Les saka her. 

POPULÆR: I den nye NRK Super-serien Nødt eller Sannhet spelar Viljar rolla som Daniel – guten som bestevenninnene Sanne og Tara er forelska i. Foto: NRK Super

3: Andrèa Othilie har stor rolle i den nye julekalendaren til NRK: – Det er veldig gøy

Andréa Othilie Helén Wilhelmsen-Grøtnes måtte flytta frå Bergen til Oslo for rolla si i «Kristiania Magiske Tivolitheater». Då me snakka med ho i mars, var det enno hemmeleg at ho hadde ein av dei største rollene – nemleg som Lobelia. Les saka her.

2: Nicolai Ramm er årets bliMe-artist

I år var den 11. gongen BlimE! fekk hundretusen av norske skulebarn til å synga og dansa til ein spesiallaga song, og årets artist var Nicolay Ramm med låta «Dynamitt». Les saka her.

1: – Skilsmissebarn skal sleppa å pakka tinga sine sjølv

Det seier Trude Trønnes Eidsvold som har skrive boka «Skilsmissehelter». Ho meiner at skilsmissebarn skal sleppa å tenkja på noko som helst praktisk – som å vita kor mobilladaren er eller kva dei bør pakka når dei skal ha samvær med mor eller far. Les saka her.

ALLE BARNA: Dette er barna til Trude og Marius Roth Christensen: Frå venstre ser du Filip (19), Viktor (17) og Aurora Trønnes-Christensen (23). Etter at Trude og Marius hadde valgt å skilje seg, møtte Trude Gard B. Eidsvold (heilt til høgre). Aurora har vesle Hennie (1,5 år) på fanget. Hennie er dottera til Trude og Gard. Foto: Privat