Briller bør bli gratis for born under 16 år!

Ylva Schmidt-Tjøstheim (9) deltok i skrivekonkurransen til Framtida Junior med eit innlegg om brillestøtta for barn, og klarte å vinna heile konkurransen.

Eg meiner at briller bør bli gratis i Noreg for born som treng briller. Foreldre med born som treng briller må betala meir enn foreldra som ikkje har born med briller.

Nokre av skattepengene dei vaksne betalar bør gå til gratis pengar for born under 16år. Eg meiner også at det bør bli sett ein pris på kor dyre briller du kan få dekkt. Sjølv har eg briller, og har hatt det sidan eg var fire år.

Tenk på dei som har tre eller fire born med briller. Tenk så dyrt det blir for foreldra deira!

Les også: Ylva (9): – Briller bør bli gratis for barn

Ei viktig sak

Det var veldig dumt når Erna Solberg og regjeringa tok vekk mykje av brillestøtta 1. mars 2020.

Det er også slik at fleire born ikkje kan gjere akkurat det dei vil på skulen og fritida for dei er redde for å øydelegga brillene sine.

Dette er ei viktig sak for familiar og born i Noreg, og eg håpar den nye regjeringa vil gjera noko med denne saka.