Reiser til verdsrommet – utan profesjonelle astronautar om bord

I natt skjedde det noko svært uvanleg. For første gong i historia har fire vanlege folk reist til verdsrommet, utan profesjonelle astronautar om bord.

Romkapselen «Crew Dragon» vart skoten opp rundt klokka to norsk tid natt til torsdag.

– Når dette oppdraget er fullført, kjem folk til å sjå på det og seia: «Det var første gong vanlege folk kunne reisa til verdsrommet», fortel Jared Isaacman i ei sak hjå NRK. 

Jared Isaacman er ein 38 år gamal milllionær. Han er grunnleggjar og sjef for Shift4 Payments, eit selskap som jobbar med betalingsløysingar. Tidlegare i år kjøpte han alle dei fire seta om bord i SpaceX sin romkapsel.

Målet hans var at seta skulle fyllast med ikkje-astronautar og slik føra til at verdsrommet vart tilgjengeleg for vanlege folk.

Les meir: Gir vekk tre gratisbillettar til romferd

Tre dagar i bane rundt jordkloden

Kven som helst kunne søkja om å få ein av dei tre plassane, men likevel er Hayley Arceneaux (29), Christopher Sembroski (42) og Sian Proctor (51) nøye utvalde. Dei er ein legeassistent, ein veteran frå det amerikanske luftforsvaret og ein geologiprofessor. Alle skal ha sine egne oppgåver om bord.

Under den tre dagars lange romferda som har fått namnet «Inspiration4», skal dei halda ei fart på 28.000 km/t og reisa rundt jorda i tre dagar.

Dei skal også utføra eksperiment som vil utvida kunnskapen vår om universet, skriv Astroevents.

Dette bildet viser ei vellukka landing i havet. Dei fire deltakarane på denne romferda vil landa på same måte. Foto: NASA / Bill Ingalls

Skal landa i havet

Tre dagar etter at dei blir skotne opp, skal dei landa i havet utanfor Floridakysten.

Elon Musk grunnla SpaceX for å senda menneska til Mars, og denne ferda er starten på nettopp denne planen.

Lurer du på meir om Inspiration4? Sjå denne videoen: