Gir vekk tre gratisbillettar til romferd | Framtidajunior.no

Gir vekk tre gratisbillettar til romferd

Foto: Pixabay

SpaceX, som er romselskapet til grunnleggjaren av Tesla, Elon Musk, skal senda opp fire privatpersonar på ei romferd seinare i år. Planen er at dei skal køyra rundt jorda.

No har ein rik forretningsmann bestemt seg for å gi vekk tre gratisbillettar som gir moglegheit til å bli med, skriv e24.no.

Foto: Pixabay

Reise på opp mot fem døgn

– Dette gir tilgang for folk flest som drøymer om å få reise ut i verdsrommet, skriv SpaceX på Twitter.

Ferda skal gå føre seg i slutten av året og skal vara opp mot fem døgn. Dei fire som det er plass til, skal få trening før dei reiser, skriv romselskapet.

Her kan du lesa detaljar om kriteriane for ein plass til verdsrommet.

Kva meiner du?

278 svar

Kva ville du valgt. Aldri få julegåve eller aldri få bursdagsgåve?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir