NASA viser kor forskjellige galaksar kan vere

Nyleg publiserte NASA eit galleri med bilde av 16 ulike galaksar, for å vise kor ulike dei kan vere.

Galakse

Ein galakse er ei samling av stjerner, gass, støv og svart materie i verdsrommet. Alt dette blir halde saman av tyngdekraft. Jorda er i galaksen Mjølkevegen.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

– Galaksar er som kosmiske edelsteinar; kvar og ein har ein heilt spesiell storleik og form som gjer dei heilt unike, skriv NASA i ei pressemelding.

Sjølv om alle galaksar er forskjellige, liknar nokre meir på kvarandre enn andre. Romforskarar har derfor delt galaksar inn i tre hovudtypar:

  • Spiralgalaksar: Desse galaksane ser ut som flate, runde skiver. Stjernene lagar eit slags spiralmønster i skiva. Mjølkevegen er ein spiralgalakse.
  • Elliptiske galaksar: Desse galaksane har ei rund form. Nokre ser heilt runde ut og nokre er meir avlange. Dette er truleg dei eldste galaksane og dei som er eit resultat av at ei eller fleire galaksar har krasja.
  • Irregulære galaksar: Dette er galaksar som kan sjå litt kaotiske ut og ikkje liknar på dei andre galaksetypane.

Galaksane rundt oss gjer at forskarar kan studere Jorda sin plass i vår eigen galakse. Ein kan forstå meir om både fortida og framtida ved å sjå på liknande galaksar som er yngre og eldre.

Dette er åtte av galaksane NASA viser fram i galleriet:

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: NASA/ESA/STScI/Hubble Heritage Team; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI/J. Lee and T. Williams; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare, J. Major, K. Arcand

Namn: NG1662.

Type: Spiralgalakse.

Fakta: Dei lysande, lilla flekkane i bildet er stader der det utviklar seg svarte hol.

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: NASA/ESA/STScI; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare and J. Major

Namn: II Zw 096.

Type: Irregulær galakse.

Fakta: På dette bildet ser vi fleire galaksar som krasjar med kvarandre. Det raude på bildet er stader der nye stjerner blir laga som følgje av kollisjonen.

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: ESO/VLT; UV: NASA/Swift; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare

Namn: M33.

Type: Spiralgalakse.

Fakta: Dei lysande lilla, store flekkane i bildet er massive stjerner.

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: NASA/ESA/STScI; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare

Namn: NGC 4258.

Type: Spiralgalakse.

Fakta: Det blå i bildet er overoppheta sjokkbølgjer som blir laga som følgje av det massive svarte holet i midten av galaksen.

Foto: X-ray: (XMM):ESA/XMM-Newton, (Chandra): NASA/CXC/SAO; Optical: Univ.of Arizona/Mt Lemmon SkyCenter/Adam Block/Josep Drudis; Image Processing: NASA?CXC/SAO/L. Frattare

Namn: NGC 1569.

Type: Irregulær galakse.

Fakta: Dette er ei såkalla dwarf starburst galaxy, eller dverg-stjerneformingsgalakse på norsk. Forskarar lærer mykje om starten på universet gjennom slike galaksar.

Image Credit: X-ray: (Chandra) NASA/CXC/SAO, X-ray (IXPE): NASA/MSFC; Optical: ESO; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare, K. Arcand, and J. Major

Namn: Centaurus A.

Type: Elliptisk galakse.

Fakta: Dette er ein av Mjølkevegen sine næraste naboar.

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: NASA/ESA/STScI; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare

Namn: NGC 1385.

Type: Spiralgalakse.

Fakta: Denne galaksen er full av område der stjerner aktivt blir forma. Desse områda blir også kalla stjernebarnehagar.

Foto: X-ray: NASA/CXC/SAO; Optical: NASA/ESA/STScI; Infrared: NASA/ESA/CSA/STScI; Image Processing: NASA/CXC/SAO/L. Frattare, J. Major, and K. Arcand

Namn: M82.

Type: Irregulær galakse.

Fakta: Også i denne galaksen blir det laga enormt mange nye stjerner. Dette er på grunn av tyngdekreftene som er i sving som følgje av at galaksen var i nærleiken av ei anna galakse for mange hundre millionar år sidan.

HER kan du sjå heile galleriet til NASA.

Bilda i dette galleriet er alle framstilt med røntgendata (elektromagnetisk stråling) frå romteleskopet Chandra. Eit romteleskop er ein slags enorm kikkert som er plassert utanfor jorda si atmosfære for å observere ting ein ikkje kan sjå frå jorda.

I kombinasjon med røntgendataen frå Chandra, er bilda framstilt med data frå ulike teleskop som James Webb, Hubble Space, IXPE, Neil Gehrels Swift Observatory, NuSTAR og andre teleskop på bakken og i verdsrommet.