LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Geir Egil Eiksund

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Geir Egil Eiksund som gir sine tips. 

Geir Egil debuterte nyleg med boka «Kampen», der vi møter 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrja i 7. klasse.

Han gler seg til å spela fotball med bestevenninna Sara og dei andre frå klassen. Men ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Andreas kjenner at hjarta slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar til han, og han veit ikkje kva han skal svara henne.

LES OGSÅ: intervju med Geir Egil Eiksund.

Dette er Geir Egil sine tips til bøker du kan lese i sommar:

Fugleguten av Rune Belsvik

Handlar om Lukas som ikkje har det berre enkelt. Han har ei veslesyster som tek mykje merksemd, og ein bestekamerat i Nico som ikkje berre er grei.

Men denne sommaren treffer Lukas ein gut som har ei svart kråke til kjæledyr. Kva er greia med han?

Absolutt ei bok å lesa i skuggen i sommar.

 

Ollis av Ingunn Thon

Ollis er perfekt sommarlektyre. Eg fekk lyst å gå ut i skogen for å leite etter gule postkassar med det same eg las ho.

Ollis og Gro får verkeleg eit mysterium å avdekke, men samtundes held Ollis på løyndom ovanfor Gro, og han berre veks.

Ta med deg hengekøya i skogen, og les. Eg lovar at den turen blir vellukka!

 

Blå flaggermus av Harald Nortun

Sander har nettopp fått sommarferie, men den startar dramatisk, då ein spøk med ketsjup fører til at blålysbilane kjem ulande.

Han får litt av kvart å stri med gjennom sommaren. Og som omslaget syner blir det tatoveringar, om enn på midlertidig vis.

Ei bok som passar perfekt til sommarferien!