Klimatoppmøtet enda utan avtale: – Ikkje poeng i å ha tomme ord på eit papir

Deltakarlanda blei ikkje samde under årets klimatoppmøte. Dette meiner Anna i Barnas klimapanel kanskje var like greitt. Ho er særleg skuffa over at barn og unge fekk så lite plass i forhandlingane.

Krav frå Barnas klimapanel

I Barnas klima- og miljørapport blir det stilt fire krav til politikarane.

  1. Dyr og natur: Dei krev at politikarane vernar meir natur, også større område, både på land og i havet, slik at dyr får plass til å leve.
  2. Kunnskap: Dei krev at skulen lærer barn kva som hjelper og kva som skadar naturen, meir om ulike energikjelder, konsekvensar av ulike alternativ og korleis dei kan skilje mytar om klima frå det som er sant.
  3. Søppel og forbruk: Dei krev at politikarane ryddar meir søppel, avgrensar produksjon av billige ting som skapar avfall, gjer det lønsamt å ta vare på ting og sørgjer for betre sortering så mindre hamnar i restavfall.
  4. Inkluder barn i forhandlingsrom: Dei krev at barn blir inkludert meir. Barnas klimapanel meiner at det er dei vaksne sitt ansvar å gjere det enkelt for barn å seie si meining.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Alt i alt låg det an til å bli eit bra klimatoppmøte, seier leiar for Barnas klimapanel Anna Halten Horn (15).

Ho og resten av panelet var på plass i Tyrkia under siste del av COP31 – FNs klimatoppmøte for 2026.

– Men ein kan ikkje seie at det enda veldig bra, for det vart jo inga slutterklæring, seier Anna.

Inga semje

Målet med klimatoppmøtet er at alle dei nesten 200 deltakarlanda skal bli samde om ein avtale for korleis dei skal samarbeide vidare om å løyse klimakrisa. I år blei det ikkje semje mellom landa og dermed inga slutterklæring.

Noreg var blant landa som ikkje sa seg einige i det som stod i forslaget til slutterklæringa. Grunnen til dette var at dei meinte at det som vart lagt fram, ikkje var godt nok.

Klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) meinte mellom anna avtalen sa for lite om korleis landa skal fase ut bruk av fossil energi, skriv Aftenposten.

Fossil energi er energikjelder som ikkje er fornybare, og som bidreg til klimaendringar. Dette er til dømes olje som drivstoffa bensin og diesel er laga av.

Barnas klimapanel: Tyra Olivia Hestø Andersen (13), nestleiar Rosalind Ghafoor Bjerkeland (15), leiar Anna Halten Horn, Sander Øverli Gjerde (14), Henrik Lorang Rudd (11) og Petra Laird Iversen. Foto: Ingvild Swane

Lite fokus på barn

– Det er veldig dumt at det ikkje blei nokon avtale. Men på eitt vis er det mykje betre å ikkje ha ein avtale enn å ha ein dårleg avtale. Det er ikkje noko poeng i å berre ha tome ord på eit papir, meiner Anna.

Ho stiller seg bak klima- og miljøministeren i at slutterklæringa var for dårleg til å gå med på.

– I forslaget til slutterklæring var det veldig lite fokus på forsking. I tillegg synest eg dei hadde fjerna så utruleg mykje viktig, både når det gjeld utfasing av fossil energi og ikkje minst viktige punkt som gjeld barn og unge.

Panelleiaren meiner at det er viktig å fokusere på å jobbe vidare med avtalen frå klimatoppmøtet i fjor, heller enn å fokusere på at det ikkje blei nokon avtale i år.

Petra Laird Iversen (13) og Sander Øverli Gjerde (14) frå Barnas klimapanel i samtale med andre unge under årets klimatoppmøte. Foto: Ingvild Swane

Delte ut 300 rapportar

Trass i at klimatoppmøtet ikkje enda i ein avtale, fekk Anna og Barnas klimapanel utretta mykje av det dei hadde planar om under opphaldet i Tyrkia.

Barnas klimapanel hadde med seg 300 engelske eksemplar av Barnas klima- og miljørapport. Dei fekk gitt bort alle til deltakarar frå heile verda.

I rapporten har Barnas klimapanel sett på innspel frå 15 000 norske barn og laga fire krav dei stiller til mektige personar i deira arbeid med klima.

Barnas klimapanel med nokre av rapportane dei delte ut. Foto: Ingvild Swane

Vil ikkje vere ein maskot

I tillegg til å snakke med politikarar frå andre land hadde Barnas klimapanel møte med den norske energi- og miljøkomiteen. Energi og miljøkomiteen er ei gruppe politikarar på Stortinget som jobbar med saker som handlar om mellom anna klima, natur og olje.

– Det var veldig fint å snakke med politikarar som på tvers av ulike parti klarte å sjå våre poeng. For norsk politikk var dette møtet viktig. Då fekk vi sikra at alle partia fekk Barnas klimarapport. Men det viktigaste møtet var nok med leiaren i FNs klimapanel Sir Jim Skea.

Anna fortel at han lova å ta med seg rapporten vidare og leggje han fram på møte lenger oppe i FN-systemet etter COP.

– Eg håpar dei vi snakka med, og gav rapporten til, tek bodskapet vårt seriøst og ikkje berre bruker møta våre som ein maskot. Vi har dessverre opplevd at politikarar seier at dei har snakka med barn berre for å høyrest bra ut, men lar vere å ta med det vi seier vidare i arbeidet sitt, seier Anna.

Barnas klimapanel saman med representantar frå energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Foto: Ingvild Swane