Bibliotekaren anbefaler: Faktabøker

Om du er glad i å lese bøker der du lærer mykje nytt, er dette titlar du bør sjå etter neste gong du er på biblioteket.

Framtida Junior har spurt Marie Alming, bibliotekar ved Deichman i Oslo, om tips til spennande faktabøker for barn og unge:

Sopp ein hal av Unni Vik og Rune Markhus

Marie fortel at dette er ei engasjerande bildefaktabok om dei usynlege soppsporane som får magiske og ekle ting til å skje i naturen rundt oss. Boka passar for barn mellom sju og ni år.

Omslag: Gyldendal

Visste du at …? av Anna R. Folkestad

Anna R. Folkestad har ein serie med lettlesne faktabøker, der du kan lære om alt frå dovendyr til godteri. Serien er laga for dei som akkurat har begynt å lese, men kan vere interessant for dei litt eldre også, ifølgje Marie. Det finst også fleire bøker i same serie, som er laga av andre forfattarar og illustratørar.

Omslag: Samlaget

Steinalderen av Eirin Holberg og Åshild Irgens

Denne boka får lesaren til å undre seg over korleis det kan ha vore å vere barn for 10 000 år sidan – kva brukte dei som musikkinstrument? Og fekk dei tak i tyggis? Marie fortel at boka har fine illustrasjonar og kort og lettlesen tekst. Boka passar for dei mellom 9 og 12 år.

Omslag: Samlaget

Dei dødsdømde av Aino Basso

I denne boka får du lese om dødsstraffa si historie i Noreg, der ein får innblikk i kva enkeltpersonar måtte gå gjennom. Ifølgje Marie er det lett å bli rive med i den brutale fortida, samstundes som boka gir viktig kunnskap om kvifor vi tenkjer slik vi gjer om dødsstraff i dag. Boka passar for aldersgruppa 12 til 14 år.

Omslag: Samlaget

Foxi av Line Nagell Ylvisåker

Den spinkle sledehunden Foxi er ein liten og svak kvalp, og eigaren trur ikkje ho kan bli brukt i eit hundespann. Men Foxi viser både klokskap og mot når ho prøver seg i verdas mest krevjande hundeløp, Iditarod i Alaska. Boka passar for dei mellom 10 og 13 år.

Omslag: Samlaget

Norske sjørøvarar av Anders Totland

Både Norske sjørøvarar og Den norske slavehandelen er historiske bøker om skipa som farta ute på havet før i tida. Både skumle og dystre delar av historia blir vist fram. Bøkene passar for barn mellom 10 og 14 år.

Omslag: Gyldendal

Inn i munnen av Malin Hellebø og Bård Slettvold Torkildsen

Tør du bli med inn i gapet på ein kvithai? Denne godt illustrerte boka tek for seg alle dei forskjellige munnane som finst i dyreriket. I boka får lesaren forklart kvifor nokre dyr har nebb medan nokre har snabel samstundes som at andre har spisse tenner. Dette er ei rar og morosam faktabok for dei mellom 9 og 12 år, ifølgje bibliotekar Marie.

Foto: Gyldendal