LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Kari Stai

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Kari Stai som gir sine tips. 

Stai er forfattar og illustratør som er aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

Den siste boka hennar, Passe Happy, har fått mykje god omtale. Ein av dei som likte den godt, er Rut Maria Eiksund (11).

Her kan du lesa kva terning ho gav boka.

Foto: Mangschou forlag

Mats & Emil graver et hull av Mac Barnett og Jon Klassen

Eg er svak for biletboka til Mac Barnett og Jon Klassen: «Mats & Emil graver et hull».

Dei grev og leitar etter noko fantastisk, og mykje rart openberre seg for lesaren på ferda. Herleg fantasifull og filosofisk.

 

 

Foto: Aschehoug forlag

Det runde problemet av Vegard Markhus

Eg er svært glad i Vegard Markhus si bok «Det runde problemet».

Det er ei underhaldande historie med djupn, overraskingar og filosofi – der humor og alvor er godt fletta saman.

 

 

Foto: Cappelen Damm

Elven av Anna Fiske

Fiske er ein stor kunstnar som kan å nå inn til dei unge lesarane på ein meisterleg måte.

«Elven» er sår, fin, intens og lett lesnad på same tid, om Helena som er tenåring.

 

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!