Geir Egil har skrive barnebok om homofili

Då Geir Egil Eiksund (32) gjekk på ungdomsskulen, lata han som om han var forelska i ei jenta for å skjula at han var homofil. Først då han vart 25 år torde han å fortelja at han forelska seg i gutar. 

FAKTA OM BOKA:

Forlag: Samlaget

Målgruppe: 9 – 12 år

Lansering: 3. mai

LES FAKTALUKK FAKTA

I boka «Kampen» møter vi 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrja i 7. klasse. Han gler seg til å spela fotball med bestevenninna Sara og dei andre frå klassen. Men ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil.

Andreas kjenner at hjarta slår raskare når dei er saman.

Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar til han, og han veit ikkje kva han skal svara henne.

11 ÅR: I boka «Kampen» møter vi 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrja i 7. klasse. Dette er forfattar Geir Egil då han var 11 år. Foto: Privat

Framtida Junior har snakka med forfattaren som skulle ønskja at det eksisterte ei slik bok den gongen han vaks opp i Ørsta.

– Det er ei slik historie eg sjølv trong å lese då eg forstod at eg var homofil. Ei bok som viser at det går bra, fortel han.

Sjølv gjekk han i femte klasse då han merka at han forelska seg i gutar. Men det måtte ingen få vita.

Trong at nokon sa det gjekk bra

I barndommen kan han ikkje hugsa at nokon snakka stygt om homofile.

– Det var meir det at eg trong at nokon sa at det gjekk bra. Men ingen sa noko om det å vera homofil i det heile.

Han var veldig redd for korleis familie og vener kom til å reagera.

– Frykta for andre sine reaksjonar gjorde at eg lata som om eg var som alle andre. Eg trudde eg visste kva andre kom til å tenkja om meg dersom dei fekk vita at eg var homofil. Men det kunne eg jo ikkje vita, seier han.

FORFATTAR: Geir Egil Eiksund har skrive si aller fyrste bok.

Reiste til Oslo

Då han var 24 år reiste Geir Egil til Oslo. Etter eitt år i hovudstaden kjente han at tida var komen for å fortelja familie og vener at han forelskar seg i gutarl.

– Det var veldig spanande å skulle fortelja, og eg enda faktisk opp med å senda det i brevform med nettlenkje til Dropbox! Eg skreiv på ein slags tekst i fleire år, før eg endeleg turte å trykkja på send-knappen. Først til nokre få søsken og foreldra mine, så til dei næraste venene og så til resten av familien, fortel Geir Egil.

Han synest nesten det er litt kjipt å vita i etterkant at det hadde gått heilt fint å fortelja det til familie og vener.

– Det hadde ikkje vore noko problem. Dei var glade i meg uansett! Det var tankane mine som stoppa meg. Frykta for kva andre ville seia blei som ein vegg. Det gjorde at eg stengde ute heile den delen av livet, fortel han.

NY BOK: – Det er ei slik historie eg sjølv trong å lesa då eg forstod at eg var homofil, fortel forfattar Geir Egil. Foto: Privat

 

VISSTE DU AT..

Barne- og ungdomsbøker som handlar om homofili er nesten heilt fråverande i Russland. President Vladimir Putin har lagt ned forbod mot alt som kan oppfattast som «homopropaganda» overfor personar under 18 år. Lova har gjort det farlegare å vera homofil i landet.