LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Malin Hellebø

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Malin Hellebø som gir sine tips!

Hellebø er utdanna lærar, men har dei siste åra blitt kjend som programleiar for Dyrevenn på NRK Super. Det har ført til to bøker som handlar om dyr – «Dyras beste sjekketriks» og «Inni munnen».

Sistnemnde kom ut i haust. Då fortalde Hellebø at fascinasjonen hennar for dyre-munnar starta då ho trefte på sommarfuglen Atlasspinnar. Den mistar nemleg munnen sin då den går frå larve til sommarfugl.

Foto: Aschehoug

Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes

Eg elskar at denne boka er ein blanding mellom dagbok, bildebok og teikneserie!

I tillegg er det ei aldeles nydeleg og sår forteljing om korleis det er å vera ungdom og forelska.

 

 

 

Foto: Gyldendal

Draumar betyr ingenting av Ane Barmen

Denne boka anbefalar eg alltid når nokon spør meg om ei god ungdomsbok.

Draumar betyr ingenting er mi favorittbok, kanskje fordi eg kjenner meg att i mange av karakterane og stadane i boka.

Trur eg har lese ho minst tre gonger, vertfall!

 

 

 

Foto: Vigmostad Bjørke

Ingenlund-serien av Jessica Townsend

Viss ein likar å lesa fantasy må ein stikka nasen sin ned i desse bøkene!

Eg har sjølv berre lese dei to fyrste i serien og gler meg til å dukka ned i den tredje boka, Hulfeber, no i sommarferien!

 

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!