LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Alexander Harald Sandtorv

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Alexander Harald Sandtorv som gir sine tips. 

Alexander Harald Sandtorv er kjemikar og forfattar. Han er førsteamanuensis i organisk kjemi ved Universitetet i Oslo, og har i tillegg skrive fleire bøker.

Den siste boka hans handlar om alt han synest er ekkelt. Då Framtida Junior snakka med han tidlegare i år, kunne han røpa at noko av det eklaste han veit om er gulp i munnen.

Les forfattarintervjuet om «Ekkelt» her.

Foto: Cappelen Damm

Mio min Mio av Astrid Lindgren

Dette er boka som gjorde at eg ville bli forfattar.

Bosse reuser til landet i det fjerne, der det viser seg at han eigentleg er ein prins, og at namnet hans er Mio.

Han må kjempa mot den vonde Ridder Kato, som har eit hjarte av stein.

Saman med vennen JumJum og hesten Miramis rir dei ut på eit skummelt eventyr for å redda landet i det fjerne.

 

Foto: Gyldendal

Heksene av Roal Dahl

Den skumlaste barneboka eg veit om, som gjer at eg framleis er redd for hekser, sjølv om eg er 34 år gammal!

Ein bande med fryktelege hekser har lyst å gjera alle barna i verda om til mus!

Heksene har forkledd seg som normale kvinner, men guten i historia lærer av bestemora si korleis han skal kjenna dei att.

Det verste marerittet blir sant når guten tilfeldigvis hamnar på heksens topphemmelige årsmøte!

 

Foto: Kagge Forlag

Insektenes hemmeligheter av Anne Sverdrup-Thygeson

Forfattar Anne er ein av Noregs aller største ekspertar på insekt. Så er ho òg veldig hyggeleg, eg kjenner henne, nemleg.

Men det er ikkje derfor eg anbefaler denne boka, det er nettopp fordi den er proppfull med alle fantastiske, rare og underlege ting du ikkje visste om insekt. Alt frå mygg, til biller, til lus, til marihøner.

Perfekt i sommar når du skal vera mykje ute, og vil læra meir om alle insekta rundt deg!

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!